ohelene

Sewing mother of five children (2000, 2002, 2004, 2010 and 2013). Born in 1969 - Living in Norway.

Frå bukse til «veske for deg som likar å ha hendene i lomma».

Dongeriveska er laga av samme mønster som skulderveska eg laga sundag, men denne er laga av ei dongeribukse. Eg la ut mønsteret heilt oppe under linninga og prøvde å passe på å ikkje få med veldig tjukke saumar øverst i kanten. Eg drog opp linninga framme nesten på høgde med linninga bak før eg klipte. …

Frå bukse til «veske for deg som likar å ha hendene i lomma». Read More »

Skulderveske.

Denne skulderveska er min eigen modell og er rask å lage. Det er lett å sjølv utbrodere den med lommer og pynt. Eg har planar om å legge inn framgangsmåten så snart eg får redigert bildene. Kanskje trekker eg òg ein mottakar av veska blandt dei som kommenterer (om det er nokon som kan tenke …

Skulderveske. Read More »

Hello Kitty – Framgangsmåte på pennal med runde endar.

Utgangspunktet for dette pennalet er den «bløte syboksen» i innlegget under og eit glidelås frå ei kassert jakke. Eg gir deg mine mål og framgangsmåten til dette pennalet – neste gang kjem eg til å lage det litt romsligare, men her er altså dei måla eg brukte: Klipp ytterstoff, vatt og innerstoff 25×23 cm og …

Hello Kitty – Framgangsmåte på pennal med runde endar. Read More »

Pennal.

Eg har lenge tenkt på at eg skal sy eit pennal til jenta vår som skal begynne på skulen til hausten. Har leita litt etter mønster/framgangsmåte for pennal med runde endar, men det ser ut til at eg må lage mønsteret sjølv. I mellomtida prøvde eg meg på mønsteret til Bløt syboks i Lise Bergene …

Pennal. Read More »

Tøysko – framgangsmåten

Her er min framgangsmåte for tøytøfler med utgangspunkt i framgangmåten for skinntøfler.  Eg anbefaler at du leser gjennom heile teksten før du begynner. Mønsterfila er til salgs på denne linken. Prisen inkluderer prisen ein lisens for ein person til å lage produkt for sal av mønsteret (ikkje inkludert fabrikkproduksjon). Du kan ikkje dele eller selge mønsteret …

Tøysko – framgangsmåten Read More »

Last post in English! Splitting up!

It’s not my familiy life that is breaking apart!! I’ve just decided to seperate the Norwegian and English parts of my blog. Hopefully it’ll be a happy divorce! My English blogging will from now on be done at: http://blog.ohelene.net Hopefully with not to many errors.

«…lys over mørke lår…» og «…i krybba lagt på skrå…»

Julesangar utført av små barn har ein eigen sjarm sjølv om nokre av feiltolkingane er så artige at det er vanskelig å halde latteren unna. Våre to minste har vridd både på «Luciasangen» og «No tenner vi det første lys» så konsekvent at eg ikkje trur dei kjem til å synge dei anleis på mange …

«…lys over mørke lår…» og «…i krybba lagt på skrå…» Read More »

Bugs!

Vi har fått insekter i huset igjen. Eg er så glad for når det er denne typen insekter betyr det at eg kosar meg med symaskina igjen.   Eg har òg sydd ei lue som skal til ei lita jente eg eigentleg ikkje kjenner så godt. Håpar den passar. Eg valgte å sy den heilt …

Bugs! Read More »

Adventspostkasse eller oppbevaring for julekort.

  Mønsteret er ikkje inkludert sømmonn. 1. Klipp ut 1x 9x15cm og 1x 4×15 i ytterstoff 1x tilsvarande hovuddelen i mønsteret i ytterstoff og 1x i forstoff (minus den lille biten på 9x15cm på forstoffet). Du kan òg sy sammen tilsvarande stykke av bitar etter mål frå mønsteret. 1x vatt til foret. Det skal ikkje …

Adventspostkasse eller oppbevaring for julekort. Read More »

Pay It Forward

snux,  speedy gonzalez og Akhila blir dei tre som skal få gave laga av ohelene. Eg pønskar litt smått, men det blir nok sannsynlegvis 2008 før gavene kjem i posten. snux, speedy gonzalez and Akhila will recieve gifts made by ohelene. Probably not in 2007 though since I need some time to think.

Eg syr!!

Eg syr i pels igjen! Hugsar nesten ikkje sist eg gjorde det. Skinnstøvlane i minste størrelse skal gå til ein nokså nyfødd gut. Han veks nok i dei i løpet av vinteren. Systera hans skal få raude lave pelstøfler som òg er ferdige. Puh. Det gjorde godt. Tru om sysperren min held på å gi …

Eg syr!! Read More »

Eg er blitt tagga

og tenkte eg skulle vere raskare enn eg vanligvis er med å svare på denne (dvs. svare i staden for å gløyme det heilt ut). Det er Anette, Anne og malla som har utfordra meg. Eg lar den òg gjelde som svar på «5 rare ting om deg» som ElisabethAugusta utfordra meg til å svare …

Eg er blitt tagga Read More »

Haust

Å… fange hausten i eitt bilde er ein utfordring for den med beslutningsvegring. Gule blader, rustne fargar i lyng og trær, spegelbilder i søledammar og støvlar som er minst like våte inni som utenpå. For meg er dette bildet eit bilde på haust. Skodda heng over fjella og sauene er komne ned frå sommarbeitet runde …

Haust Read More »

Gult er kult!

At gult er kult er ein ting som mange ikkje er einig i når det gjeld hage. Eg derimot likar godt den lysande fargen som gjer litt av seg i bed og krukker. (Bildet over er mitt august-bidrag i naturfotosamknipsinga). Ringblomstblader I dag har eldstejenta og ei venninne plukka ringblomstkronblader for å lage hudkrem. Oppskrifta …

Gult er kult! Read More »

Leike-Mei Tai

I sommar sydde eg ein leikeMai-Tai som gave til ei lita jente. Vi måtte berre nett prøve den før vi sendte den avgårde. Broderiet skal vere det samme som på mammaen sin Mei Tai om eg ikkje hugsar heilt feil. A «PlayTai» for a little girl.

No er hausten her!

Ripsbusken er tømt og bæra fortært ringblomstene held stand og har enno knoppar som ikkje er i blom og utenfor terrassegjerdet kan eg sjå rødmande tomater som eg veit smakar mykje bedre enn dei du kan få kjøpt. Eg veit det for eg smakte nemleg etter at eg tok bilde! Glimpses from our august garden.

Lag merkelappar med ditt eige design! Design and make your own labels.

  Eg har fått nokre spørsmål om kor eg har kjøpt merkelappane i t.d. denne veska eller korleis eg har laga dei. Eg har laga dei sjølv og det er veldig enkelt. Her skal du få min framgangsmåte (fins sikkert andre stader på nett òg). Du treng overføringsark og nokre små restar tøy eller band. …

Lag merkelappar med ditt eige design! Design and make your own labels. Read More »

Tar du den så tar du den.

Eit av årets store høgdepunkter! Urte- og staudedagen på museet «vårt». Hagelaget arrangerer plantebyttedag der du lever ei plante (frå hagar uten Iberia) og får velge deg ei anna plante til å ta med heim. Vi hadde veldig mange menneske innom og eg fekk tak i nokre godbitar sjølv både frå byttebordet og frå planteutsala. Eg bytta til meg: Smågullkorg  …

Tar du den så tar du den. Read More »