Pennal.

Eg har lenge tenkt på at eg skal sy eit pennal til jenta vår som skal begynne på skulen til hausten. Har leita litt etter mønster/framgangsmåte for pennal med runde endar, men det ser ut til at eg må lage mønsteret sjølv. I mellomtida prøvde eg meg på mønsteret til Bløt syboks i Lise Bergene si bok Lapper – stort og smått.

pennal

Prinsesser, dragar og rosa. Eg måtte jukse litt med eit applikert hjarte over midtpanelet på eine sida fordi mønsteret der vart opp ned. Burde delt det i to og snudd det rett veg. Kanskje eg hugsar det på neste «syboks». No skal eg pønske litt på pennal med runde endar ut frå dette mønsteret. Eg har eit Hello Kitty glidelås som eg spretta av ei jakke som skulle kastast, og det trur skal få sette tema.

3 thoughts on “Pennal.”

  1. Så kjempefint penal! Datteren min har så lyst til å sy et likedan, men hvordan lager du endene på dette penalet kontra det med runde ender? Hadde vært strålende med oppskrift/beskrivelse! På forhånd takk :)

Leave a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.