Fornying av maskinparken.

Eg er litt gira om dagen for eg har bytta ut heile maskinparken min (=begge symaskinene). Frå å ha ei overlock 744D (alt er Janome så det skriver eg ikkje) og kombinert sy-/broderimaskin MC10001 har eg no ei broderimaskin 350E og ei symaskin 6600. Eg har såvidt fått prøvd 6600 og er fornøgdt så langt. Klart den andre maskina hadde ting denne ikkje har, og at det er detaljer som ein må venne seg til, men pluss er trådklipp, bedre patent for automatisk treing av nåla, at ein kan spole uten å måtte tre på nytt og at den har ei god arbeidsflate. Her står dei begge opplina på ein for anledninga som vanlig veldig ryddig arbeidsbenk (og ingen er vel så frekke at dei kikkar under benken).

to nye

 

På 6600 er ved fyrste bekjentskap litt meir kronglete å bytte føtter på enn 10001, men det er nok helst ein vane. Eg har prøvd å frihandsquilte med den i dag, sydd glidelås og brukt standardfoten. På 10001 var «alle» innstillingar elektronisk, medan ein her skal regulere t.d. trådspenninga med hjul. Er spent på om det er ein bakdel sidan spenninga då blir ståande sjølv om eg skiftar søm.

Prosjektet eg prøvde meg på var ein liten syboks som skal bu i «redskapsrommet» til 350E.

syboks

Den passa perfekt der; noko som sjølvsagt var nøye planlagt… Den har plass til det medfølgande småutstyret til maskina.

350E

 

Motiva på stoffa eg har brukt (både inni og utenpå) er sjølvsagt sytilbehør.

Maskinene er kjøpt hjå Tonje Brodering.

8 thoughts on “Fornying av maskinparken.”

  1. Gratulerer med ny maskinpark! Jeg har også Janome og er kjempefornøyd (selv om den er i en langt lavere prisklasse enn dine, hehe). Lille veska var jo kjempesøt, så smart du her :)

  2. Det du skriver om maskinen er totalt gresk for meg (hvis maskinpark består av en åtte ti sett med strømpepinner og en heklenål ;-)) ) , men den SER pen ut! Gratulerer så mye! :-)

  3. Slitan! Det er jo nesten så jeg får lyst til å fornye litt jeg også.. Men det kan gjerne være en idé å få tak i en bruksanvisning til den jeg har først..

  4. Gratulerer med ny maskinpark! Jeg leser med vantro om dem som bare kan sette seg ned og sy en beholder til ting, med planlagte mål og perfekt restultat. En sann inspirasjon :D
    Gratulerer også med jentungen som ble ett år eldre i går!

  5. Forstår jeg deg rett at du har byttet bort overlocken så du er uten? Det var modig, jeg syr mest på overlocken og bruker de to (!) andre som viktige komplement. Men det viser vel bare at vi syr forskjellige ting.
    Du har forresten veldig mye fint i bloggen din!

Leave a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.