Skattar frå «gamle dagar»

I sommar var eg med og tømde huset til mammaen min. Ho har fått seg eit lettstelt husvære i staden og huset er gått over til andre. I ryddinga kom det fram ein del ting som mammaen min ikkje ynskte å ta med – i kategorien – ta det eller kast det – eller la bruktbutikken få det. Eg har litt sansen for gamle boksar og denne matboksen snappa eg fort bort frå dungen. Trur ikkje bror min fekk sjansen til å sjå på den ein gang!

matboks

«Gryta hennar mor» gir kanskje andre assosiasjonar enn dette. Denne gryta tenkte eg skulle gravast halvveges ned i eit bed neste år og få plass der med t.d. sommarblomster. Må berre få laga nokre hol i botnen fyrst.

gryte

Ser du ikkje for deg dette spannet dingle frå ei lita barnehand og at det rullar nokre små einslege blåbær rundt i botnen. Ungen er smilande og blå rundt truten. Eller kanskje spannet får vere med far på fjelltur og kjem heim med topp på seg – ein liten blå fjelltopp av blåbær!

spann

Kassen som ein gang har inneholdt flasker (trur eg) har eg planar om skal få gjere teneste som krakk eller bokkasse. Kanskje ungane skal få vere med å bestemme det.

kasse

Some treasures from my mothers house. She moved from a house to an apartment this summer and wanted to get rid of many old items. I couldn’t just throw away many of the tings (or give them to the thrift store), so many of them came home with me.

7 thoughts on “Skattar frå «gamle dagar»”

  1. Ã…åååå, det er sååååå kjekt med gamle ting! Blir liksom ei ordentleg sjel over heimen. Utruleg artig med ringblomstkrem! Spennande med slike ting ein held i hevd. Er det vanskeleg å lage? Kjempeflott blogg du har! Ønskjer deg ei fortsatt flott veke! :)

  2. Sånne skatter er virkelig skatter. Min mor har sånne spann, men det spørs om hun lar meg få den. Jeg har fått dilla på alt som er gammelt, jo eldre jo bedre. Så jeg gleder meg til vi skal tømme mine besteforeldres hus. Der er det noen skatter, håper bare jeg er alene om å se dem….hihihihihihi.

  3. kjempefine, gamle ting! Den kassa var knallflott, melkespannet likeså:-) Koselig at du ville være med på Pay it Forward hos meg:-):-) Send meg gjerne mailadressen din! Fortsatt fin kveld til deg.

  4. Så mange fine ting. Det er så gøy å finne sånne «skatter». Bare så synd at det finnes så mange som ikke ser verdien i slike ting. Utrolig hva man finner på loppemarkeder f.eks. Kos deg med tingene dine!
    PS: Melkespannet blir veldig fint med blomster i også.

Leave a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.