ohelene

Sewing mother of five children (2000, 2002, 2004, 2010 and 2013). Born in 1969 - Living in Norway.

Vel blåst!

Så var feiringa av dagen over for vår del. Barnetog – is – leikar – pølser og ein liten opptreden i folketoget ved fløytemusikanten vår. Fløyta vart ordna av korpsdirigenten heldigvis! Med avspeling av MGP-opptak midt på dagen (sidan ingen av oss såg det i går) vart dagen ikkje så aller verst. Og beviset på at …

Vel blåst! Read More »

Musikk Musakk

Vi har eit musikkinstrument på veg! Ein trombone! Ikkepedia seier dette om tromboner: «… en dings av metall som brukes til å lage lyd. Blir vanligvis gitt til små drittunger som begynner i skolekorps, så de kan plage foreldrene hjemme. Før man har lært å spille på trombonen, noe som aldri skjer, er det letteste …

Musikk Musakk Read More »

Ut på tur

Utsikt mot der eg bur. Litt nede i dalen utenfor synsvidde. På veg til fjells. Slike skiturar burde alle fått lov til å ta ein gang i blandt. Er medisin mot det meste og mine batteri vart iallefall lada litt igjen av denne turen enn så kort den var.

Vindtette panneband

Desse er laga i høve haustferien vest i havet. Ytterstoffet er bevernylon på alle tre, men foret er ullfilt, bomullsfleece og polyesterfleece alt etter kva eg hadde av matchande fargar. Ungane har fått navnet sitt brodert på pannebanda i same farge som pannebandet så det ikkje skal vere så veldig tydelig.

Smykkelaging

Handarbeidet mitt for tida er ringsmykker. Eller rettare sagt armband. Dette i sølv er eldstejenta mi sitt, og det andre skal ein kollega ha. Må berre få laga ein lås først, og det har eg ikkje prøvd meg på før. Kjedene er ikkje perfekte, men eg kosar meg med å lage dei, og spesielt kongekjedet …

Smykkelaging Read More »

Litt handicapsøm

I dag er det den uheldige minstemannen i huset som har fått nyte godt av mammaen sin søm. Ei ny pute til rullestolen (den orginale vart litt våt ved eit uhell). Stoffet er kjøpt hjå Hartsfabric. Ei joggebukse har fått borrelås og glidelås slik at den enkelt kan kles av og på guten i sittande eller liggande tilstand.

Vi gjer eit nytt forsøk på å lage ringblomstkrem.

Forsøket med å lage ringblomstkrem i fjor vart ikkje spesielt vellukka. Det kan vere mange grunnar til det. Den mest sannsynlege er at vi (eg) ikkje fulgte oppskrifta spesielt nøye. No har vi plukka inn blader og tørka; det gløymde vi (eg) i fjor. I dag blanda vi 1 dl tørka ringblomstblad med 2,5 dl olivenolje. No …

Vi gjer eit nytt forsøk på å lage ringblomstkrem. Read More »

Skulestart og sommarfuglar i magen.

August og haust i lufta tidleg om morgonen. Ny jakke og matboks. Magen full av sommarfuglar. Endelig var dagen der som ho har venta på så lenge. Eg håpar du får mange glade dagar på skulen kjære jenta mi og får venner for livet. 

20 år er gått.

Raudruss 1988 feira 20årsjubileum sist laurdag. Vi var ikkje akkurat så mange (9 av 41), men vi hadde det kjekt vi som var der. Skravla og fekk oppdateringar om kva som hadde skjedd sidan sist. Tre år på internatskule set sine spor – kjekt å vere tilbake og mimre litt. Vi får prøve å møte opp litt …

20 år er gått. Read More »

Trekningen er gjort;

og dei som skal få tilsendt ein liten mjuk pakke er Grooo, Kummin og Bine. Send meg ein mail (oheleneAToheleneDOTnet) med adressene dykkar så går pakkane i posten så snart eg klarar.

Syetui.

Dette etuiet har eg laga etter eige hovud, men eg trur eg har sett noko lignande i ein engelskspråkleg blogg ein gang – var det ikkje eit som ligna på ei marihøne tru? Størrelsen er omtrent 19cm i diameter. Inni er det plass til småting som er greie å ha med på syklubb eller eit …

Syetui. Read More »

Ringsmykke.

På måndag var eg på medlemskveld i husflidslaget og lærte å lage ringsmykke – ein type iallefall – av ei anna av medlemene. Det var skikkelig moro og smykket vart faktisk fint om eg får seie det sjølv. At det er litt skarpe kantar her og der får så være, det er tross alt fyrste …

Ringsmykke. Read More »