I vinterferien begynte eg på ein “toveis” kjole etter mønster frå Pickles til vetlesysta. Godt mjukt garn og fine fargar, men akk så tidkrevande mønster. Den har dessverre blitt liggande urørt etter at eg kom heim igjen. I kveld skal eg plukke den fram og sjå om eg kan få den til å vekse litt igjen.
Oisann
her var det visst lenge sidan sist post. Betyr i grunn berre at dagane fyk utan at eg får prioritert å bruke tid på å blogge. Litt handarbeide har det vorte likevel. Mellom anna har vetlesysta fått seg ein Oslo anorakk i Abuelita multi frå Pickles.
Eg har brukt andre fargar enn i forslaga hjå Pickles sidan eg ikkje hadde nok einsfarga til å bruke same fargen overalt der det skulle vere einsfarga. Vart ikkje så veldig imponert over plagget. Mulig det er meg, men hetta verkar slaskete og eg fekk det ikkje til å stemme frå halsen og opp sjølv om eg hadde rett masketal i følge oppskrifta. Fekk no juksa det sammen på eit vis. Skulle sikkert ha strikka kanten på hetta på ein annan måte men eg gjorde det slik som det stod i mønsteret (med mindre eg har misforstått noko).
Men ei fin “by-jakke” vart det uansett. Har starta på ein “Hudson Hat” i restegarnet (link til kjøpemønsteret på Ravelry – ein nettstad som krev innlogging).
Testing testing 1,2,3…
…4 og 5.
Testing må til når ein skal få til gode plagg. Og testing har det blitt ein del av siste tida – av huer. Eg har både fått andre til å teste huemønster via forumet sykroken og har sydd ein heil del huer her heime sjølv.

Her er fem av dei minste eg har sydd siste dagane. Frå størrelse 24 som passar til ei lita dokke, str. 32 som passar til baby-born-dokka og opp til str. 47 som passar til vetlesysta her i huset. Størrelsen større er òg omtrent i boks. Planen er å få fram mønster på desse opp til og med ca 53 cm.
Eg tykkjer etter kvart at eg har fått fram ei hue som går godt ned både i panna og nakken, men det står att ein del prøving før eg er framme ved ferdig mønster i alle størrelsar.

Alle babyhuene har ytterstoff av bomullsjersey frå ulike butikkar, og innside i enten ull eller bambus. Dokkehuene har innside i bomullsjersey. Som snorer brukar eg helst flate skosnører. Gode, mjuke og skikkeleg haldbare snorer.
Eg har ikkje bestemt meg for om eg skal legge ut mønsteret for deling/sal. Det fins etter kvart mange mønster å få kjøpt på nett, så det er mogeleg eg berre brukar dette mønsteret for eigen produksjon.
Lun hals og varm puls – mønsterslepp
No kan de få kjøpe mønster på den flotte halsen (/kragen/laushalsen) og pulsvarmarane som eg har pusla med i det siste.

“Mønsterbutikken” finn du her eller ved å fylgje linken oppe på menyen. Pris pr. i dag er kr 45,- pr. stk eller pakkepris kr 70,-. Mønstera er digitale (pdf-filer) og til personleg bruk. Skikkelig raske, fine og varme både til gåver og til eins eigne og god bruk av restebitar etter t.d. kjolesaum.
Ta gjerne kontakt om du har spørsmål knytt til mønstera eller til kjøp av desse.
Takk til gode sydamer på sykroken som har stilt opp og prøvesydd og kommentert på mønsteret for meg!
Stjernehals in action
Varm puls
Eg syslar med å lage mønster til pulsvarmar og hals og i dag sydde eg nokre nye av fyrste sorten for å teste ut framgangsmåten. Herlege mjuke i finaste merinoull. Desse er fine både til tastaturbruk og utendørsaktivitetar når det er berre litt kaldt.

Gode nettvenner hjelper meg med å teste ut mønsteret før eg legger det ut for salg. Lurer på å inkludere ei lue i mønsteret, men har ikkje heilt bestemt meg for kva slags lue det i tilfelle skal vere.
Litt kladd med fleece og nok ein onion-kjole
I dag har eg sydd dette settet i fleece i dag som ein “kladd” på vegen mot å lage eit godt mønster på hals og pulsvarmarar i valgfritt stretchmateriale. Eg tenker sjølv primært å lage halsen i ull og evt. pulsvarmarane i litt fleire variantar som pyntete i jersey eller litt varmare i ull. Mønsteret har eg tenkt å prøve å digitalisere slik at det skal kunne delast.
Pulsvarmarane vart straks adoptert av eldstejenta på 11, og mellomsta har bestilt seg eit par ho òg. ;) Fargen er lilla på desse og både halsen og pulsvarmarane er vendbare (men like på begge sider).
Kjolen som eg nevnte i forrige post laga eg ferdig i går. Den har fått lommer og broderi. På venstre arm står det “Take what’s left and make it right”. Ei lita heks og katten hennar har fått plass på rompa. Broderiet er laga med tråden Güterman Mara som eg har fått til å teste ut frå denne nettbutikken via forumet sykroken.
Eg har laga lomma av eit einaste stykke tøy og viser gjerne korleis eg gjer det om nokon er interessert.






