Knappeskatt – Some of my finest buttons

Den siste månaden har eg brukt ein del timar i huset der eg vart fødd med å rydde ut. Mammaen min har flytta til eit mindre husvære og huset skal tømmast for salg. Ein av tinga som eg har fått med meg frå huset var ein stor boks med knappar. At nokon klarar å gi vekk knappar er med forresten nokså uforståeleg så eg spurde ikkje omigjen når mamma sa at eg skulle få den.
;)

I kveld har eg sortert og studert.

eg fann små knappar og store knappar

nydelige treknappar med slitt sjarm

Perlemorsknappar med sin naturlege glans

og nokre som fekk meg til å tenke på kamferdrops

No har eg tre store fulle syltetøyglass med knappar. Ein dag skal dei kanskje bli ungane mine sine – eldstejenta fekk vere med og sortere i dag og ho kosar seg like mykje med denne skatten som eg gjer. Men enn så lenge er dei min eigen skatt som dei kan få kikke på og stikke hendene ned i og sortere i når dei vil. Viss du har lyst å vise fram nokre av knappane dine eller vise meg korleis du oppbevarer knappar så hadde det vore moro!

I am helping my mum emptying her house since she has moved to an apartment. In the tidying up she gave med a big box of buttons! I hardly hoped for it as I regard it almost a treasury. Today I spendt some time sorting and studying the buttons. Here I show you some of the ones that I found special in some way or another. The tiny and the large button – The worn wooden buttons – The shiny pearl buttons – and some that just got me thinking about the candy my father likes so much. Would you like to show me your buttons or how you store your buttons?

6 thoughts on “Knappeskatt – Some of my finest buttons”

  1. I don’t have a button collection just yet. I do have a few in a peanut butter jar, but not many and they aren’t nearly as nice as these. Yours are lovely.

  2. Ã…, det var ei flott samling!! Eg har ikkje så mange knappar, eg… Dei få eg har, får plass i ein bitteliten pose og dei vansmektar saman med sytråd og denslags;)

    Eg hugsar at mormora mi hadde mange fine knappar, og dei fekk vi leike med. Det var veldig stas!
    Fin blogg!

  3. Jeg har samlet nesten alle knappene mine i et stort glass med skrulokk. Jeg synes det ser kjempeflott ut, og har det til pynt, men det er klart det ikke er så praktisk når jeg skal ha tak i en spesiell knapp… Jeg ser for meg at jeg skal ha dem i mindre glass, slik at jeg får sortert dem litt. Men enn så lenge nyter jeg synet av alle i det store glasset.

  4. For en kostelig skatt! Hvis min knappesamling vokser seg ut av pilleesken skal jeg kjøpe en slik fin, gjennomsiktig plastkuffert med mange små rom til fiskefluer eller skruer.

  5. Knapper er skatter, det synes jeg også. Heldige deg som har fått så mange. Vi rydda også hjemme hos foreldrene mine i sommer. Det var masse gamle utslitte klær som bare kunne kastes, men jeg tok vare på alle knapper, spenner, hekter og sånne ting. Det er virkelig skatter for meg. Har bilde av noen av dem på bloggen min. Jeg har dem i en liten sponeske nå, men snart skal de nok oppi norgesglasset mitt der jeg har resten av knappesamlingen.

Leave a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.