I forrige veke var vi fem dagar i Bergen

berre eg og ungane på «storbyferie». Fløybana, Akvariet, Vilvite og fisketorget fekk alle besøk av oss. Vi var på kino, åt på resturant og kosa oss for det meste. At det var ei utfordring for ho mor å halde stabilt blodsukker på ungane (javn tilførsel av mat) får så være. Vi får tru eg har lært til neste gang å ha med ein kjekspakke eller lignande i sekken. Tida frå ein bestiller mat til ein får den kan vere veldig lang for ein treåring (og den sveitte mammaen hans).

Det var grått dei fleste dagane, men som bildet frå hotellrommet vårt viser var det gløtt av sol og blå himmel. Det var supert å bu midt i byen og nattelivet utenfor plaga oss ikkje i det heile (styrtregn på taket var til tider større problem…).

Ungane hoppa på steinane ved Ole Bull fontena – klatra på den Blå steinen og mata duer ved Lille Lungegårdsvann som ekte turistar.

croco

Krokodillen i Akvariet gjorde stort inntrykk – òg på mor. Innimellom det heile traff vi nettvenner frå Ringblomst og Hobbyboden og fekk fjes på ein del nick (eit par kjente eg frå før). Takk for sist til knytingen, Augusta, indie, Bindi, Fant, Tittei, MaritaBK, LindaN, Mimouna, Anne-Ruth og Kiwi!

2 thoughts on “I forrige veke var vi fem dagar i Bergen”

Leave a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.