Foreldre og barn

Pattern fill i Silhouette Studio DE

Silhouette Studio Designer Edition har en del kjekke funksjonar som eg brukar mykje. Mellom dei er pattern fill. Man kan både legge inn eigne bilder/mønster i mønstermappa (pattern) i biblioteket og/eller bruke dei direkte frå arbeidsbordet. Det siste krever rett nok ein del meir frå arbeidsminnet til programmet. Som kjent er ikkje det alt for …

Pattern fill i Silhouette Studio DE Read More »

Litt om ord i former, men mest bunadsbroderi

Den fyrste instruksjonsvideoen eg laga for Silhouette Studio handla om det å forme tekst i sirkelform. No skal eg kjapt vise deg noko som eg ikkje visste når eg laga videoen. At du kan forme teksten din rundt kva som helst form! På engelsk heiter dette Text to Path. Dette er artig om du vil legge …

Litt om ord i former, men mest bunadsbroderi Read More »

Uhu!

Oktober går mot slutten og Halloween skal feirast med gode venner både her og der. 9åringen bestilte kappe – med ermer og hette. Etter å ha kikka på kapper i leikebutikkane og tenkt litt fram og tilbake har eg i dag sydd ei kappe til henne her heime. Her kan du sjå korleis eg klipte …

Uhu! Read More »

Sju veker gammal på den 17. mai

I dag på nasjonaldagen er vetlesysta blitt heile sju veker gammal. Ho og eg tok det roleg heime på dagen mens pappaen hadde med dei tre andre ungane i skule-/barnehagetoget og folketoget. Er ho ikkje fin vel? Ho tar smokken innimellom, men føretrekk heilt klart tommelen…

Vel blåst!

Så var feiringa av dagen over for vår del. Barnetog – is – leikar – pølser og ein liten opptreden i folketoget ved fløytemusikanten vår. Fløyta vart ordna av korpsdirigenten heldigvis! Med avspeling av MGP-opptak midt på dagen (sidan ingen av oss såg det i går) vart dagen ikkje så aller verst. Og beviset på at …

Vel blåst! Read More »

Musikk Musakk

Vi har eit musikkinstrument på veg! Ein trombone! Ikkepedia seier dette om tromboner: «… en dings av metall som brukes til å lage lyd. Blir vanligvis gitt til små drittunger som begynner i skolekorps, så de kan plage foreldrene hjemme. Før man har lært å spille på trombonen, noe som aldri skjer, er det letteste …

Musikk Musakk Read More »

Vindtette panneband

Desse er laga i høve haustferien vest i havet. Ytterstoffet er bevernylon på alle tre, men foret er ullfilt, bomullsfleece og polyesterfleece alt etter kva eg hadde av matchande fargar. Ungane har fått navnet sitt brodert på pannebanda i same farge som pannebandet så det ikkje skal vere så veldig tydelig.

Litt handicapsøm

I dag er det den uheldige minstemannen i huset som har fått nyte godt av mammaen sin søm. Ei ny pute til rullestolen (den orginale vart litt våt ved eit uhell). Stoffet er kjøpt hjå Hartsfabric. Ei joggebukse har fått borrelås og glidelås slik at den enkelt kan kles av og på guten i sittande eller liggande tilstand.

Vi gjer eit nytt forsøk på å lage ringblomstkrem.

Forsøket med å lage ringblomstkrem i fjor vart ikkje spesielt vellukka. Det kan vere mange grunnar til det. Den mest sannsynlege er at vi (eg) ikkje fulgte oppskrifta spesielt nøye. No har vi plukka inn blader og tørka; det gløymde vi (eg) i fjor. I dag blanda vi 1 dl tørka ringblomstblad med 2,5 dl olivenolje. No …

Vi gjer eit nytt forsøk på å lage ringblomstkrem. Read More »

«…lys over mørke lår…» og «…i krybba lagt på skrå…»

Julesangar utført av små barn har ein eigen sjarm sjølv om nokre av feiltolkingane er så artige at det er vanskelig å halde latteren unna. Våre to minste har vridd både på «Luciasangen» og «No tenner vi det første lys» så konsekvent at eg ikkje trur dei kjem til å synge dei anleis på mange …

«…lys over mørke lår…» og «…i krybba lagt på skrå…» Read More »