saum

Vindtette panneband

Desse er laga i høve haustferien vest i havet. Ytterstoffet er bevernylon på alle tre, men foret er ullfilt, bomullsfleece og polyesterfleece alt etter kva eg hadde av matchande fargar. Ungane har fått navnet sitt brodert på pannebanda i same farge som pannebandet så det ikkje skal vere så veldig tydelig.

Litt handicapsøm

I dag er det den uheldige minstemannen i huset som har fått nyte godt av mammaen sin søm. Ei ny pute til rullestolen (den orginale vart litt våt ved eit uhell). Stoffet er kjøpt hjå Hartsfabric. Ei joggebukse har fått borrelås og glidelås slik at den enkelt kan kles av og på guten i sittande eller liggande tilstand.

Syetui.

Dette etuiet har eg laga etter eige hovud, men eg trur eg har sett noko lignande i ein engelskspråkleg blogg ein gang – var det ikkje eit som ligna på ei marihøne tru? Størrelsen er omtrent 19cm i diameter. Inni er det plass til småting som er greie å ha med på syklubb eller eit …

Syetui. Read More »

Frå bukse til «veske for deg som likar å ha hendene i lomma».

Dongeriveska er laga av samme mønster som skulderveska eg laga sundag, men denne er laga av ei dongeribukse. Eg la ut mønsteret heilt oppe under linninga og prøvde å passe på å ikkje få med veldig tjukke saumar øverst i kanten. Eg drog opp linninga framme nesten på høgde med linninga bak før eg klipte. …

Frå bukse til «veske for deg som likar å ha hendene i lomma». Read More »

Skulderveske.

Denne skulderveska er min eigen modell og er rask å lage. Det er lett å sjølv utbrodere den med lommer og pynt. Eg har planar om å legge inn framgangsmåten så snart eg får redigert bildene. Kanskje trekker eg òg ein mottakar av veska blandt dei som kommenterer (om det er nokon som kan tenke …

Skulderveske. Read More »

Hello Kitty – Framgangsmåte på pennal med runde endar.

Utgangspunktet for dette pennalet er den «bløte syboksen» i innlegget under og eit glidelås frå ei kassert jakke. Eg gir deg mine mål og framgangsmåten til dette pennalet – neste gang kjem eg til å lage det litt romsligare, men her er altså dei måla eg brukte: Klipp ytterstoff, vatt og innerstoff 25×23 cm og …

Hello Kitty – Framgangsmåte på pennal med runde endar. Read More »

Pennal.

Eg har lenge tenkt på at eg skal sy eit pennal til jenta vår som skal begynne på skulen til hausten. Har leita litt etter mønster/framgangsmåte for pennal med runde endar, men det ser ut til at eg må lage mønsteret sjølv. I mellomtida prøvde eg meg på mønsteret til Bløt syboks i Lise Bergene …

Pennal. Read More »

Tøysko – framgangsmåten

Her er min framgangsmåte for tøytøfler med utgangspunkt i framgangmåten for skinntøfler.  Eg anbefaler at du leser gjennom heile teksten før du begynner. Mønsterfila er til salgs på denne linken. Prisen inkluderer prisen ein lisens for ein person til å lage produkt for sal av mønsteret (ikkje inkludert fabrikkproduksjon). Du kan ikkje dele eller selge mønsteret …

Tøysko – framgangsmåten Read More »

Bugs!

Vi har fått insekter i huset igjen. Eg er så glad for når det er denne typen insekter betyr det at eg kosar meg med symaskina igjen.   Eg har òg sydd ei lue som skal til ei lita jente eg eigentleg ikkje kjenner så godt. Håpar den passar. Eg valgte å sy den heilt …

Bugs! Read More »

Adventspostkasse eller oppbevaring for julekort.

  Mønsteret er ikkje inkludert sømmonn. 1. Klipp ut 1x 9x15cm og 1x 4×15 i ytterstoff 1x tilsvarande hovuddelen i mønsteret i ytterstoff og 1x i forstoff (minus den lille biten på 9x15cm på forstoffet). Du kan òg sy sammen tilsvarande stykke av bitar etter mål frå mønsteret. 1x vatt til foret. Det skal ikkje …

Adventspostkasse eller oppbevaring for julekort. Read More »

Eg syr!!

Eg syr i pels igjen! Hugsar nesten ikkje sist eg gjorde det. Skinnstøvlane i minste størrelse skal gå til ein nokså nyfødd gut. Han veks nok i dei i løpet av vinteren. Systera hans skal få raude lave pelstøfler som òg er ferdige. Puh. Det gjorde godt. Tru om sysperren min held på å gi …

Eg syr!! Read More »

Leike-Mei Tai

I sommar sydde eg ein leikeMai-Tai som gave til ei lita jente. Vi måtte berre nett prøve den før vi sendte den avgårde. Broderiet skal vere det samme som på mammaen sin Mei Tai om eg ikkje hugsar heilt feil. A «PlayTai» for a little girl.

Lag merkelappar med ditt eige design! Design and make your own labels.

  Eg har fått nokre spørsmål om kor eg har kjøpt merkelappane i t.d. denne veska eller korleis eg har laga dei. Eg har laga dei sjølv og det er veldig enkelt. Her skal du få min framgangsmåte (fins sikkert andre stader på nett òg). Du treng overføringsark og nokre små restar tøy eller band. …

Lag merkelappar med ditt eige design! Design and make your own labels. Read More »

A tutorial for making a Hair band to match your outfit!

I promised an English translation – and here it is. Feel free to correct my language or ask if things doesn’t make sence.  From small scraps from the fabric used to make a dress or purse, you can make a matching hair band. These measurements gives a hair band for a child. The elastics will also have something to …

A tutorial for making a Hair band to match your outfit! Read More »

Ringslynge

No er denne ringslynga framme hos mottakar så då kan eg vise den fram her òg. Den er laga av duponisilke og eg har brukt medium størrelse aluminiumsringar. Eg har ikkje sydd ringslynger før, men det blir garantert ikkje den siste. Eg valgte å polstre den både i ring-enden og litt i kantane. Eg tok utgangspunkt i framgangsmåten …

Ringslynge Read More »