Strikkeveske som byttemiddel.

Når nokon spør meg om eg har strikka pannebanda eller luene som jentene går rundt med har eg oftast sagt nei. Det er jo det som er rette svaret som regel. Men av og til svarar eg at «nei, eg har sydd dei!» Med det har eg meint at eg har bytta dei til meg for noko eg har sydd. Denne veska går til ei nettvenninne som eg har bytta til meg strikka ting frå. Ho har valgt stoffer ogstørrelse sjølv og sagt noko om korleis ho skal bruke den.
strikkeveske
Inne i veska er det ei lita lomme til eit garnnøste, med maljehull slik at ein kan strikke med veska igjen. Fortrinnsvis for dei som strikkar raskt kanskje. I andre sida kan du skimte ei skrå lomme til eit ekstra sett med strømpepinnar. Veska er ca 30 cm lang, og rundt 14-15 cm djup og vid. Forstoffet er frå IKEA.

strikkeveske2

Takk til Ingrid for to awarder!

   

Eg må få tenke litt på kven eg skal gi dei vidare til, eller kanskje eg rett og slett skal gi deg linken til mi bloglines liste! Eg har ikkje rydda der på ei stund. Bakdelen med bloglines er for meg at eg ikkje oppdagar så lett om nokon ikkje bloggar på ei stund fordi eg leser dei som oppdaterer når dei oppdaterer. Ta likevel ein titt og sjå om du kan bli kjent med nokre nye spennande bloggar.

8 thoughts on “Strikkeveske som byttemiddel.”

Leave a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.