Ég tala ekki íslensku…

Seks dagar på ville vakre Island. Litt «amputert» ferie sidan minstemann måtte ha gips to veker lengre enn vi trudde. Men så får vi tru han blir heilt bra til slutt. Eg vart overraska over at islandsk var så veldig ulikt norsk. Har alltid høyrt at islandsk er som gammalnorsk, men det er nokså lenge sidan gammalnorsk var snakka hertillands iallefall! Difor overskrifta som betyr: Eg snakkar ikkje islandsk.
Den økonomiske krisa som rådar merka vi lite og ingen ting til som turistar.

På laurdag når vi kom til Island var det snø og kaldt. Vi skulle køyre ein god etappe, men tok middag ved den Blå Lagunen før vi køyrde vidare.

Røyken er damp som stiger opp like ved den Blå Lagunen.

Dette vatnet var kaldt, men like fullt fasinerande blått.

Vi prøvde oss på hesteriding på eit hotell/hestegard som heiter Eldhestar på staden Hveragerdi. Vi fekk visst dei roligaste hestane dei hadde, for dei gjekk samme tempo uansett kva vi gjorde. At stiane for ein times ridetur gjekk rundt og rundt hotellet var litt nedtur for oss som hadde sett for oss ridetur ut i marka med ørlitt meir fart i. Sterk vind og kaldt regn gjorde ikkje akkurat opplevelsen bedre så vi avslutta etter ca 15-20 minutt kalde og våte. Godt at vi har hestegard like ved oss heime der ein òg kan få lov til å ri på islandshest.

I sjølve byen Hveragerdi hadde dei eit stort utendørs basseng med varmt vatn. På kantane var det to små basseng med vatn som var hhv 38 og 40 grader varme. Kjempegodt å ligge i det varme vatnet med vinden hylande rundt øyrene. Det nye vasstette kameraet mitt fekk òg prøvd seg. Her er det minstejenta som har fotografert mor under vatnet.

På grunn av at minstemann fortsatt sat i rullestol og alt av fjellturar og naturvandring vart utelukka (delvis òg på grunn av veret) reiste vi til Reykjavik to dagar før planlagt. Vi skulle eigentleg ha vore to dagar på ei hytte ute ved Skaftafjell nasjonalpark.

Fyrste dagen i reykjavik køyrde vi tilbake til den Blå Lagunen. Denne gangen for å bade sjølv om vermeldingane og dei faktiske forholda var nokså ufyselige. Tavla ved bassenget viste 0 grader og vermeldingane sa kuling. Laguna var skikkelig piska opp av vinden. I vatnet var det imidlertid gode og varme 39-40 grader. Vatnet var kjempesalt og håret vårt vart heilt stivt etterpå av det høge innhaldet av kisel i vatnet. Minstemann venta tålmodig i kafeen medan mor og far bada etter tur og fekk vekselsvis is frå mor og far.


Her er lillesøster i bassenget. Alle under 11 år gikk gratis og for oss vaksne kosta det 2300,- kroner pr. stk. Islandske kroner altså.

Siste dagen i ferien køyrde vi ut til Geysir forbi Thingvellir. På denne strekninga kunne vi sjå sprekker i jorda etter tidligare jordskjelv. Dei mørke strekane nede til høgre her og bortover er djupe sprekker. Island ligg midt på delelinja mellom det Europeiske og den Nord-Amerikanske kontinentet. Noko som skapar både hyppige jordskjelv (sist i fjor sommar på 5,3) og gir tilgang til den geotermiske energien som øya er kjent for.

Ved Geysir fekk vi sjå det vi kom for av både boblande kokande kjelder og sprutande geysiarar.

Skal vi tilbake til Island ein gang må det bli uten rullestol.

Og sannsynligvis på ei årstid der det er litt varmare.

14 thoughts on “Ég tala ekki íslensku…”

  1. Heisann, hele kommentaren min ble visst borte, tror jeg slettet den da jeg prøvde å putte på «M»- en som ble borte. Jaja, prøver igjen. :o)

    Fascinerende land, og sikkert litt av en opplevelse å bade utendørs i kuling og 0 grader.

  2. Island står høyt på ønskeliste vår for ferie, men nå når eldstemann er begynt å delta på motorcross løp nesten hele sommeren må det vel bli pensjonist tur på oss når ungene er ute av heimen ;-)

Leave a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.