Hemmelig venn på sykroken.net

Eg har fått ei superflott gave i dag frå min hemmelige venn på sykroken.net. Ein heimesydd pung i nydelige fargar, tøy, bånd, merker, godis og smykkedeler. Eg var eit einaste stort glis etter kvart som eg pakka ut gava.

Sjekk då! (Solstripene på bordet gjorde bildene litt «vanskelige» men dei lyt få vere med no – no er det VÅR!)

hvgavemars2009

Vennen min har merkt pungen med sitt merke, men eg har ikkje opna det enno. Ein knapp er det einaste eg ser. På kortet har ho sydd ein lapp over navnet sitt som eg kan kikke på om eg gir opp gjettinga. Men det gjer eg jo sjølvsagt ikkje – ikkje enno. Gledar meg til å pønske ut noko spennande å lage av bomullstøyet. Jerseyen var i ein farge eg ikkje hadde frå før så den får selskap med resten av basistøyet som er kjekt å ha.

Veska sit eg og knip på og snur og vender på. Den er nydelig utført og i fargar som trefte meg midt i hjarta. Tusen tusen takk min hemmelige venn. No må eg av og leite og sjå om eg finn deg.

Leave a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.