Litt meir utstyr og tøy til småtten

Vi er godt over halvveges i ventinga på vår lille magebuar og eg har kosa meg med å lage litt meir mjuke ting til han eller henne. Teppet i tofarga fleece frå Michas stoffeche var det første eg laga av dette. Teppet kanta eg med eit blomstra bomullsstoff.  Eg syns ikkje eg vart heilt heldig med å runde av hjørnene, spesielt sidan eg ikkje skråklipte kantbanda. Men no får det vere som det vart. Eg har teke opp att tre av blomstene frå bomullsstoffet og brukt som applikasjonar på teppet.

utstyr2

Den brune lua er sydd etter mønster frå «Barnetøj du selv kan sy» men uten lister inni. Størrelse 3 mnd. Tøyet er ein blanding av bambus og bomull frå Bamboo Fabric Store. Omtrent i t-skjortetjukkelse.

Tøyskoa er med inspirasjon frå ei oppskrift som ligg ute på forumet tettinntil. Eg har modifisert oppskrifta litt sidan eg ikkje ville ha meir skøytar enn nødvendig på innsida. Innsida er difor i berre to stykker. Utsida er òg endra litt. Mellom anna med ei list som går over heile høgda framme. Foret er i ullfilt og utsida er i ein kombinasjon av (litt for tunnt?) bomullsstoff og skinn. Håpar dei blir gode å ha på. Sålen er omtrent 12-13 cm lang, så dei passar vel ikkje sånn heilt med det samme.

utstyr3

8 thoughts on “Litt meir utstyr og tøy til småtten”

  1. OI! Gratulerer!! Har ikke fått med meg denne gode nyheten, jeg!
    Og for noen fine plagg du har laget i det siste; både babytøfler og bukser/pysjamaser. Dette siste settet du har laget her, med lue, teppe og boots var knall fint!

  2. Så koselig å se at du putler og koser deg!
    Håper du og dine får en herlig jul og et fantastisk godt nytt år!

    Stor klem fra Eva Mari :D

    PS: Når du lager de PDF-ene, – bruker du Acrobat? DS

  3. Eva Mari- Eg lagar PDF med eit PDF-writer program. Altså eit program som legg inn ein falsk skrivar slik at ein kan lagre som PDF ved å «skrive ut» ei Word-fil til PDF-writer. Freeware. Om eg skal endre fila må eg tilbake i Word.

Leave a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.