Skattejakt med GPS


I ettermiddag plotta eg inn eit cache-punkt frå sida Geocahing.com på den nyinnkjøpte GPS’en, og stabla ungane i bilen. Dette til tross for at det var truande regnskyer å sjå både i eine og andre retninga. Vi var heller ikkje komne langt før regnet hølja ned. Eg kikka meg forsiktig rundt og noterte dårlig med regnklede i bilen, men til alt hell for den dårlige mora hadde regnet stoppa når vi kom til leiteplassen!

Dette punktet hadde vi prøvd oss på før utan å finne, og sjølv i dag susa vi først litt rundt før eg oppdaga at eg ikkje hadde plotta inn lengdegrada riktig. Når denne var på plass kunne vi berre spasere rett på boksen. Vandremynten vi hadde hatt ei stund fekk plass i boksen, og vi såg ein «Trakabulldog» som kom frå, og skal tilbake til, UK. Sidan vi ikkje skal den retninga fekk den ligg sånn i RL, men vi fekk den i alle fall med på lista vår sidan vi noterte koda.

Regnet kom på ny i det vi sette oss i bilen, men oppgira av funnet ville ungane  svært gjerne leite etter fleire cachar. Eg søkte opp koordinatar på mobilen til ein boks eg hadde lest om før, og etter ein liten stopp på REMA for proviantering var vi klare for ny leiting.

Den andre posten hadde eit svært treffande navn  som jo gav oss ein god indikasjon på kor vi skulle køyre (om ikkje eg i tillegg hadde kikka på kartet). Når vi parkerte bilen hadde regnet igjen gitt seg og ungane fekk styre GPS-en denne gangen når eg var litt sikrare på at alt var rett plotta inn.

Minnesteinen var omkransa av bartre og busker og det var ikkje heilt lett terreng å leite i. Broremann meinte at cachen måtte vere inne i ein busk der GPS-en gjekk mot null frå alle retningar, men busken var tom for anna enn barnåler. Litt sirkling rundt avdekka etter kvart ein artig boks med nøkkel og lås på ein stad ca 11-12 meter til side for dette punktet.

Kul cache! Men altså, wünderbaum er ikkje det rette å putte inni ein tett ziplockpose! ;) Ungane tok med seg kvar sin plastfigur (som lukta wünder-grantre) frå boksen og vi la igjen ei SMILI-nål frå den gang då, og ein liten bamsefigur. Hadde det vore opp til ungane hadde vi nok leita opp enno fleire boksar, men mor hadde fleire cons enn pros for å fortsette leitinga i dag. Det eine var at vi må spare nokre til eldstejenta kjem heim frå leir. Det andre at det er ikkje SÅ mange boksar i området så vi må spre leitinga litt utover i tid. Til slutt var det berre rett og slett lenge nok for vetlesysta å sitte i bil i dag. Dette til tross for at regnet stoppa kvar gang vi gjekk ut av bilen – inkludert heime etter turen!!

1 thought on “Skattejakt med GPS”

  1. Geocaching er bare å kjekt, for store og små.
    Vi har drevet med dette i 2 år nå, og syns det er like kjekt, om ikke enda kjekkere nå enn den gangen vi startet med det.
    Her er det heldigvis mange cacher – og det dukker opp nye hver uke… Og uansett hvor vi skal, må vi bare sjekke kartet først ;)

Leave a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.