Om ventetida blir for lang, eller om du vil ha boka som ebok

Det var litt om denne Silhouetteboka mi igjen berre.

Eg er ikkje så god på venting sjølv, så om du er som meg, og er ein av dei som treng boka NO, og ikkje er så nøye på at den kjem på skjerm, ja då har eg boka klar til deg som pdf-bok i nettbutikken!  Boka kjem òg ut i papirformat etter kvart, med spiralrygg (wire-o) og med bokmål som målføre. Trykkeriet set i gang rett over helga med produksjonen noko som betyr at papirboka kjem til meg i første del av november føresett at alt går som det skal. Prisen i nettbutikken blir kr 269,- pluss porto (kr 36,- med forbehold – har ikkje sett og målt boka enno).

Har du lyst å få ein liten mail når boka er i nettbutikken så skriv deg opp på maillista mi under her! Eg lovar å ikkje sende mange mailar, men det blir nok både ein og to etter at boka er på plass i nettbutikken. Kanskje sender eg deg eit tilbud eller to i etterkant òg, men du står fritt til å avregistrere deg frå lista når som helst.

For å motta nytt om boka på mail skriv du inn epostadressa di under og trykker på Skriv meg opp! Etterpå må du bekrefte påmeldinga via mailen du får tilsendt frå meg. 

[mc4wp_form id=»5812″]

Om du følger meg på facebook er du òg garantert å sjå meg poste om boka når eg har den klar for sal!

1 thought on “Om ventetida blir for lang, eller om du vil ha boka som ebok”

Leave a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.