Tekst langs linje (Text to Path)

Ein av mine første filmar på YouTube i serien min om Silhouette Studio handla om å bøye tekst i sirkel. Å kunne la teksten følge ei form eller ei linje er ein kjekk funksjon i design av eigne kuttemotiv, men det er ikkje alle som veit at ikkje berre sirklar, men alle slags former og linjer kan brukast til dette. Det er sjølvsagt ikkje alle former og linjer som egnar seg like godt, men det meste kan tilpassast.

La meg vise deg med nokre døme først. Her kan du sjå to design der eg har kutta ordet ut av ei form. Ordet er plassert inne i forma langs kantlinja.

Du kan legge teksten enten på utsida eller på innsida av former, eller på den eine eller den andre sida av ein strek, ei kurve eller kva som helst slags linje som er ein sti. Alt du tegnar i Silhouette Studio er sti/path så alt du tegnar av former og linjer i programmet kan du bruke. I neste døme har eg sett inn ekstra mellomrom nokre plassar for at det betre skal passe med forma.

Legg merke til at linja på sjølve skya over her er gått frå å vere raud som den er standard når man tegnar den til å bli grå. Det viser oss at den ikkje lengre er ei aktiv kuttelinje. Om vi vil ha den som kuttelinje t.d. om vi skal kutte skya i ein farge og teksten i ein annan farge, så kan vi markere linja, gå på objektmenyen og der velge convert to path. Hugs at både tekst og linje då vil kuttast samtidig med mindre du går inn og velger no cut eller drar det elementet som ikkje skal kuttast til holdeområdet medan du sender det andre til kutting .

Når du setter teksten på ei form vil du legge merke til at den havnar enten på utsida (yttersving) eller innersida (innersving) av forma eller linja.

Du kan velge kvar den skal ligge ved å forsiktig dra musepeikaren til den eine eller andre sida av stien (inn i eller ut av forma – på opp- eller nedsida av strek). Du vil sjå at teksten hoppar inn/under om du bevegar deg eit stykke inn i/under streken og ut/opp om du bevegar musepeikaren ut/opp.

Glidebrytaren i starten av teksten lar deg justere kor langt frå linja, innover eller utover, teksten din skal ligge. Om du vil endre bokstavstørrelse eller font m.m.  må du enten merke heile teksten (Ctrl+a)  medan du står i den grøne tekstboksen, eller gå ut av tekstboksen og merke teksten ved å klikke på den. Då kan du endre alle teksteigenskaper i «Text Style»/tekst stil-menyen.

Du kan sjølvsagt òg bruke kuttelinjer i ulike bilder du har traca til å forme tekst. Traca foto gir ofte kuttelinjer med veldig mange punkter med korte linjedeler mellom, så utfordringa er å finne passande linjer der du kan få plassert ein tekst. Ofte kan det bli like fint å legge på ein offset på bildet eller deler av dette og bruke den til å forme teksten.

Her er eit traca bilde av eitt av barna mine som liten. Eg har lagt på ein nokså stor offset på 0,3 og brukar den til å forme teksten «1 år!»

Dersom du skal bruke designet ditt til kutting i HTV / varmeoverførbar vinyl, eller på anna måte treng å ha den spegelvendt må du passe litt ekstra på. Teksten lever litt sitt eige liv når den fortsatt er tekst.

Ein metode er å spegelvende teksten før du legg den på forma eller linja. Då må du hugse å òg spegelvende forma/linja fyrst. Ja om ikkje du har ei heilt symmetrisk form eller linje som er lik uansett om du spegelvender den. Bakdelen med denne metoden er at det ikkje alltid er lett å sjå på designet spegelvendt om det blir slik du har lyst til å ha det.
Metode to krev at du når du er ferdig med å redigere teksten med størrelse, avstand mellom bokstavane etc. gjer den om til path. Høgreklikk på teksten og «Convert to Path». Bakdelen med denne metoden er at teksten ikkje lengre er redigerbar tekst men ei linjetegning. Det kan vere greitt å kunne bruke metodane alt etter kva krav du har til å kunne redigere det i etterkant. Man kan alltids angre tilbake med angreknapp eller Ctrl + Z :)

Linja eller forma du har brukt til å bøye teksten langs er fortsatt inaktiv, men du kan endre dette i filmenyen om du vil kutte den saman med teksten, slik eg har forklart lengre oppe.

Funksjonen med tekst til linje kan man òg utnytte med såkalla dingbat-fontar. Fontar som inneheld små bilder i staden for bokstavar. Desse fontane har ferdige små linjetegningar som vil oppføre seg som tekst og dermed vil kunne formast langs ei linje på same måten som tekst. Her vist med eksempel frå fonten KG Heart Doodles.

 

Leave a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.