png som ferdig kuttefil i Silhouette Studio

I basisversjonen av Silhouette studio kan du ikkje få opna vektorfiler som svg eller pdf, men må «nøye deg» med filer i dxf. Eit format som har visse avgrensingar. Men, i noverade versjonar av programmet vil ei png fil med gjennomsiktig bakgrunn kome inn med ferdige kuttelinjer! Dette kan me nytte oss av dersom bildet me finner er i ein farge. Me kan sjølvsagt òg gjera det same med fleirfarga bilder, dersom me til dømes vil lage klistremerker eller liknande av dei.

La oss bruke dette bildet her som døme:

Flourish, Floral, Flower, Mandala, Decorative

https://pixabay.com/vectors/flourish-floral-flower-mandala-1331900/

Dette bildet vil vera vanskeleg å få traca skikkelig med dei tynne linjene og små detaljane. På linken over finner du bildet i png med transparent bakgrunn (og i svg) og vi tar og lastar det ned for å teste.

På bildet under er bildet lasta det ned og opna inne i programmet. Raude linjer gir oss eit hint om at me kanskje er inne på noko.

(Pixabay er ein god base for bilder som vanligvis er frigitt til bruk på alle område)

Når me går inn for å kutte (SEND) ser me at jo, fila er heilt klar til kutting slik som den er! Suksess!

Eit såpass detaljert design som dette krever sjølvsagt litt størrelse sjølv i sjølvklebande eller heat transfer vinyl.

Obs på at dersom designet/bildet er to- eller fleirfarga vil det ikkje vera kuttelinjer mellom fargane, så denne metoden egnar seg fyrst og fremst for einsfarga design. Eller eventuelt som utgangspunkt for å lage eit design av eit fleirfarga png kombinert med tracing.

Eg blir veldig glad for ein kommentar dersom du finner mine små bloggpostar nyttig!

Leave a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.