NY med Silhouette. 2021-versjon

Denne bloggposten var først publisert i 2015. Her kjem ein oppdatert versjon.

Eg er over middels interessert i programvare og duppedingsar. Så å «leike» med Silhouette Cameo i kombinasjon med programvara Silhouette Studio, er framleis ein av mine favorittsyslar i ledige stunder. At dette knyter saman to av mine andre favorittar, data og saum, er vel hovudgrunnen til det. På eit forum for maskina på Facebook er det stadig vekk nye medlemer med like nye maskiner. Gratulerer med eit flott verktøy! Nokre av dei sit nok dessverre og skular bort på den uoppakka maskina med litt sånn ærefrykt med tanke på alt den kan utrette. Kor skal ein begynne?!

Ein liten parantes om sjølve maskina: Silhouette Cameo er ei digital kuttemaskin som skjærer ut figurar i ulike materiale. Det kan vere papir, vinyl, stoff, plast etc. Cameo finst i ulike utgåver, med ulike kuttebreidde, og Silhouette har i tillegg Portrait som forenkla sagt er ei smalare utgåve av kuttemaskina (a4 breidde).

Komme i gang

Start med å laste ned programmet Silhouette Studio frå Silhouette Amerika si side og installer dette. Dette kan du gjera uavhengig av om du har ei kuttemaskin eller ikkje. Faktisk kan programmet brukast til mykje utenom det å kutte, men nok om det.  Start opp programmet etter at du har installert det.

I programmet er det ein funksjon for å kjøpe og laste ned design direkte frå Silhouette Store. Du må registrere ein konto for å kjøpe design, og det gjer du enkelt via nettsida deira om ikkje du finn ut av det i Silhouette Studio.  Denne kontoen er den du skal bruke for å få tak i designa som eventuelt følger med ditt kjøp av maskin. Du vil òg kunne registerere maskina di på nettsida der. Silhouette Store har eit gratis design kvar veke, og elles både bokstavsett/fontar og mange typar kjøpedesign til ulikt formål. Prisane varierer alt etter om du kjøper til å bruke privat eller til komersiell bruk. Eg personleg handlar lite hjå Silhouette Store, men eg ser andre handlar mykje eller til og med har det som føretrekt plass å finne nye design.

Pakk så opp maskina frå øskja!! Den kjem med straumkabel, usb-kabel og kuttematte. Plugg maskina i med nettkabel og koble den til pcen med usb-ledninga. Slå den på med straumknappen. Om alt går som det skal vil du sjå i Silhouette Studio (etter dette kalla Studio) at maskina er kobla til.

Korleis lagar/finn eg motiv til å kutte? 

  • Kjøpefiler i Silhouette Store kan du finne til bruk med vinyl , til print and cut med papir eller overføringsark og som reine 2d eller 3d papirprosjekter m.m. Her er det stor sjanse for at alle finner noko etter eiga interesse.
  • Skriv inn tekst direkte i Studio. Denne vil vere klar til kutting direkte. Veggord på do?
  • Tegn eigne motiv i Studio med tegnefunksjonane som finst der. Slepp laus kunstnaren i deg.
  • Last ned bildefiler og hent desse inn i Studio. Avhengig av format på bildet og din versjon av studio vil ei fil frå andre stader på nettet vera meir eller mindre klare til bruk.

Kva filer som kan opnast i Studio avheng av kva versjon av programmet du har

Bilder finst i hhv vektorformat og bitmap/raster format. Tracing* er ikkje naudsynt for vektor, dvs at dei er klare til å brukast direkte til kutting. Kan enkelt fargeleggast om du vil skrive ut for «print and cut». Kvaliteten blir uendra sjølv om du endrar størrelsen på bilda) I bitmap/rasterformat må man trace* bildet før man brukar det til kutting, men kan brukast til utskrift direkte. Kan òg brukast som mønster/patterns, men det går eg ikkje inn på her no. Kvaliteten på bildet er avhengig av oppløysinga.

Sjekk i sammenligningstabellen for dei ulike versjonane av programmet for oversikt over kva filer som kan brukast i ulike oppgraderingar pr i dag.

Så ei i lita ordliste. Med maskina kjem nemleg eit vell av nye ord. Nokre av dei har vi enno ikkje innarbeidd gode norske ord for sidan programmet ikkje (enno) finst på norsk:

HTV- Heat transfer vinyl./Varmeoverførbar vinyl. Er berekna på å bruke på tøy.  Skal ligge i maskina enten med eller uten kuttematte * med vinylsida opp og bakplasten ned mot maskina. Pirk litt i eit hjørne med ei knappenål om det er vanskeleg å sjå kva som er vinyl og kva som er plast.  Det finst ulike typar HTV som festar seg til ulike typar stoff. HTV skal, som det går fram av navnet, overførast ved bruk av varme. Både strykejarn, varme-  og strykepresse kan nyttast. Man brukar ikkje damp i denne prosessen.

Kutteinnstillingar. I Studio vil du kunne velge mellom ein del forhåndsinnstilte kutteinnstillingar. Ofte er desse heilt perfekte til ditt bruk, og like ofte må du endre dei for at kuttinga skal bli fin og rein. Kuttinnstillingane blir oppgitt med tre tall t.d. 3-5-20 der det første står for innstillinga på kniven, det andre talet for farten og det siste talet for tjukkelse. Silhouette sine maskiner har i dag òg autoblade, noko som betyr at du kan velge i programvaren kva maskina skal stille inn kniven på.

Kuttematte  Maskina kjem med ei plastmatte som er limbelagt på eine sida, og som har eit rutenett slik som du ser den i Studio. Denne matta brukar du for å få det som maskina skal kutte til å ikkje bli dratt rundt av kniven. Du tar av det grøne beskyttelsesarket før bruk. Ta vare på arket og legg det på matta mellom kvar gang du brukar den. Matta skal ideelt sett ikkje bli kutta i, men det skjer og den blir slitt etter bruk. Du kan òg kutte ein del materialer uten matte. Matta fins med ulik limstyrke, og standardmatta kan vera litt for sterk lim på til papir. Det går an å sløve matta litt ved t.d. å trykke den mot eit stoff uten nupper som t.d. buksebeinet ditt på dongeribuksa.

Rhinestones/Liksomdiamantar. Designer Edition lar deg lage malar/templates til rhinestones. Du treng då den påstrykbare varianten og eit template ark som du brukar til å lage malane i. Desse heiter Rhinestone template sheets.

Sketching/Skissing. Kuttemaskina kan i staden for å skjære kuttelinjene tegne desse. Du må då byte ut kniven med penn/tusj el.l. Du treng då tusjar tilpassa maskina eller ein penneholdar slik at du kan bruke eigne pennar/tusjar/byantar.

Sjølvklebande/Adhesive vinyl er berekna på å limast på vegg eller gjenstandar. Finst i ulike merker og kvalitetar til både innandørs og utandørs bruk. Vinylen skal på samme måte som HTV* ligge i maskina med eller uten kuttematte*

Tracing/Lese inn (bilde). Dersom du opnar/hentar inn bildefiler i .jpg eller andre bitmaptypar i Studio, må bildet lagast om til vektorformat for at Studio skal kunne bruke den til kutting. Denne prosessen heiter tracing. Korleis du tracar har eg vist i eit par videoar som eg har lagt ut her tidlegare. Du finn dei via Youtube-kanalen min.

Weeding/Luking. Når du har kutta t.d. i vinyl vil det bli negative områder i designet som skal plukkast vekk før du kan overføre designet ditt til der det skal vere enten på kjøkkenveggen eller på minstemann si smekke. Denne prosessen med å ta bort overflødig materiale kallar ein weeding. Luking vil vere eit greitt norsk ord for dette.

Klar til å kome i gang?

No sit du der altså med blanke ark, bokstavleg talt om du ser i Studio, og ei flett ny maskin som kan «alt.» Ta deg ei lita stund på å tenke igjennom kva det var som gjorde at du kjøpte/ynskte deg denne. Var det for å ta scrapbookingen til ny høgder? Var det for å lage kule trykk på babybodyen, fars truser eller storebrors russedress? Var det for å lage veggord til alle rom i huset? Eller var det noko heilt anna? For denne maskina kan «nesten alt»!

Om det var berre ein generell WOW den maskina kan ALT og den MÅ eg berre HA, så rår eg deg til å prøve å lande på eit par område til å begynne med. Og så er det i grunn berre å sette i gang.

Last inn eit enkelt design, gjerne eit av dei som kom med maskina. Putt materialet ditt på kuttematta* eller last den direkte inn i cameoen. Pass på at det er god plass bak maskina då matta bevegar seg ut på baksida når maskina jobbar. Velg kutteinnstillingar* tilpassa materialet ditt. Still inn kniven på foreslåtte djubde og gi det eit forsøk.

Lukke til! Vis meg gjerne det du lagar!

Leave a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.