Vrangsydd kjole med knyting på skuldrene

I det siste har eg sydd eit par søte kjolar til minste jenta i huset. Denne typen små kjolar eller toppar kan man enkelt vrangsy, men framgangsmåten blir ulik alt etter om det er glidelås/knapping i ryggen eller om det er opning på skuldrane.

Eg tok nokre bilder undervegs medan eg sydde kjolen med sommarfuglar på så om du vil kan du her sjå korleis eg har gjort det. Poenget her er at det er opne skuldrar. Om den er med knyting som eg har gjort, eller med knappar, spelar ingen rolle for sjølve vrangsaumen.

Til ein kjole med for treng du to av både fram og bakstykke. Eit i det stoffet som skal vere utenpå kjolen og eitt av den som skal vere inni. Her har eg brukt eit bomullsstoff med sommarfuglar på til hovudstoff og bomullslerret til forstoff. Sy høgre sidesaum på det ytterste stoffet og venstre sidesaum på innerstoffet. Begge rette mot rette.

Stryk saumane flate. Eventuell dekorasjon eller lommer syr du på no før du går vidare. Eg har brukt desginet i hovudstoffet som utgangspunkt for vinyltrykk på det rosa stoffet.

Legg stykkene rette mot rette og sy heile øverste linja frå ermehull til ermehull og heile kanten nede på kjolen. No står berre sidesaumane att opne. Eg sydde fast knytesnorer på toppen av alle fire skuldertuppane når eg sydde denne saumen.

Vreng kjolen inni seg sjølv slik at sidesaumane treffer kvarandre rette mot rette og sy saumen rundt bortsett frå ein god opning til å vrenge gjennom. Sidan dette er uelastisk stoff kan det vere godt med så mykje som 8-10 cm til dette.

Klipp inn hakk i alle bogar og vreng kjolen med rett sida ut. Stryk den og sy igjen vrengeopninga fint for hand.

 

Leave a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.