Invertere trykk til bruk på mørk bakgrunn

Hund, Dyr, Dog, Pet, Portrett, Brown


I det siste når eg har laga trykk til andre er eg begynte å spørje om kva farge dei tenker å bruke trykket i og på kva farga bakgrunn. Grunnen til dette skal eg prøve å illustrere med eit bilde og så vise korleis eg tilpassar trykk til bruk på svart eller mørk bakgrunn.

Desse to kuttebildene av ein og samme hund har eit veldig ulikt uttrykk ut frå fargebruk. Eg personlig likar best det bildet der pupillene er svarte.

Det venstre bildet er bildet traca og trykket laga i kvitt på svart. På høgre sida har eg laga ein liten offset av ytterlinja på designet slik at designet har eit heilt lag med kvitt under sjølve hunden i svart oppå.

Når ein skal kutte dette har man to valg. Alternativ ein er å kutte designet i eitt kvitt heildekkande lag og så legge det svarte oppå uten å måtte redigerer noko meir. Dette gir eit litt stivt trykk iom at det er to lag vinyl.

Alternativ to er å lage eit sammensmelta design av dei to delene. Pass på at dei ligg sentrert oppå kvarandre, merk begge og velg «make compound path».

Dette vil gjere at du slepp unna med eitt lag vinyl. Eit slikt eittlags trykk må du sjå litt an kva farge det passar kan trykke på.

Leave a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.