År: 2009

Uskuldige tøfler

To par pelstøfler ca 12 cm lange etter ynskje frå ein venn av familien. Sydde i «Islandspels» frå Skinnlåven. Navnebandet er i møbelhud – samme som eg pleier å bruke til skinntøfler uten pels. Søte små tøfler. Nesten så ein ynskte ein hadde så små føtter så ein kunne putte dei inni.

Skulegensar.

Dette stoffet som eg fekk frå ei nettvenninne ein gang fekk komme ut av hylla i går. Eg hadde lyst til å sy og stoffet passa godt til ein gutegensar syns eg. Kombinerte det med ribb etter mønster frå Ottobre 2005 nr. 3 – modell 22. I bladet er gensaren sydd av velour og med …

Skulegensar. Read More »

Heimekjole

Eg har sydd litt på ein sundag. Laga meg ein behageleg heimekjole i stretchstoff. Trur det er bambus – eller var det hamp? (Når stoff blir liggande ei stund etter innkjøp er det fort gjort å gløyme).  Stoffet var ubleika/naturfarga og har fått ein omgang i maskina med Nitor brun farge. Eg knytte på nokre …

Heimekjole Read More »

Vel blåst!

Så var feiringa av dagen over for vår del. Barnetog – is – leikar – pølser og ein liten opptreden i folketoget ved fløytemusikanten vår. Fløyta vart ordna av korpsdirigenten heldigvis! Med avspeling av MGP-opptak midt på dagen (sidan ingen av oss såg det i går) vart dagen ikkje så aller verst. Og beviset på at …

Vel blåst! Read More »

Musikk Musakk

Vi har eit musikkinstrument på veg! Ein trombone! Ikkepedia seier dette om tromboner: «… en dings av metall som brukes til å lage lyd. Blir vanligvis gitt til små drittunger som begynner i skolekorps, så de kan plage foreldrene hjemme. Før man har lært å spille på trombonen, noe som aldri skjer, er det letteste …

Musikk Musakk Read More »

Ut på tur

Utsikt mot der eg bur. Litt nede i dalen utenfor synsvidde. På veg til fjells. Slike skiturar burde alle fått lov til å ta ein gang i blandt. Er medisin mot det meste og mine batteri vart iallefall lada litt igjen av denne turen enn så kort den var.