Som om den alltid har vore der

For nokre år sidan bygde eg (og svigerfar) ei steintrapp i hagen. No har eg nettopp vore ute med hagesaksa for å rydde trappa fram igjen frå buskene av mellom anna rogn, nyperoser, bringebær og brennenesle som har gjort at den har vore overgrodd og nesten ubrukeleg så langt i år.

steintrapp2

Trappa er no som ein naturleg del av miljøet i hage. Sidan den ligg så inni skogen er den ikkje så lett å gjengi på bilder. Der dokkehuset står (gult) på bildet frå 2006 (innfelt over) kan ein i dag skimte grunnmuren og golvet til drivhuset mitt på bildet under. Dokkehuset er flytta til andre sida av huset.
steintrapp3

Dei fire veggene på drivhuset er monterte kvar for seg. Til vidare montering må eg ha eit par hender ekstra. Eg har sagt til sambo at det ikkje hastar – for det gjer det jo eigentleg ikkje – men eg må innrømme at eg gledar meg meir enn berre litt til å få det opp.

Leave a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.