Heimekjole

Eg har sydd litt på ein sundag. Laga meg ein behageleg heimekjole i stretchstoff. Trur det er bambus – eller var det hamp? (Når stoff blir liggande ei stund etter innkjøp er det fort gjort å gløyme).  Stoffet var ubleika/naturfarga og har fått ein omgang i maskina med Nitor brun farge. Eg knytte på nokre band på seks plassar for få ørlitt mønster.
brunkjole

Eg brukte ein gammal velbrukt jerseykjole som mønster og la til splittar i sida for å få den litt romsligare.  Eg sydde med brun tråd sidan eg skulle farge den brun – så er det (nesten9 ingen trådar som visar. Det er mogeleg eg prøver å lage ein kortare kjole som ein tunika i omtrent samme modellen. Evt. med nokre korte korte ermer.

Så kan sommaren berre komme!

7 thoughts on “Heimekjole”

  1. Så deilig med en sånn kjole som bare passer en! Godt å ha en å «slaske hjemme i» også, selv om jeg synes denne var mer enn pen nok til å gå ute blant folk med også!

Leave a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.