Kategori: klær

funderer, kreerer, knipsar bilder og nyter livet

Fleecebukse – ein prototype

Fleece er ikkje mitt favorittmateriale, men eg må innrømme at det har ein del eigenskaper som eg ikkje kan oversjå. At det held tett (over formsydde bleier) er iallefall heilt sikkert. Vetlesysta trengde eit alternativ til ullbukser over bleiene og sidan eg hadde nokre «få» meter med fleece liggande var det naturleg å lage kladden/prototypen…
Read more

Litt småsøm

Vetlesysta er blitt fem månader straks og tida nærmar seg då ho kan sitte med matbordet som andre folk. Tripp-trapp-stolen er stilt inn til henne alt og her om dagen fekk eg sydd ferdig puta til den. Stoffet meinar eg er frå Stoff og Stil, og eg syns det passa godt her. Reint sånn bortsett…
Read more

Buksestrikk og buksesøm i kvitt

Først ut i dagens skryt er ei bleiebukse, som dessverre vart i minste laget. Mjuk og god i dobbel (trippel i skrittet) merino ulljersey. Eg kjem nok til å sy fleire slike, men i litt større størrelse. Denne er det kanskje nokon andre som vil overta? Det er fullt mogeleg å farge denne typen ulltøy.  Eg har…
Read more

Frå sommarkjole til sommardress

Stoffet i denne drakta kjem frå ein sommarkjole i jersey som eg hadde lagt til side til bedre tider. Det var akkurat nok stoff til ei drakt i størrelse 74, som vesla kan vekse inn i i løpet av sommaren eller hausten. Dei kvite kantane er i bambusjersey. Eg har brukt to mønster frå Ottobre som…
Read more

Hiver oss på onepiece-bylgja ;)

Strengt tatt er vel ikkje dette meir enn ein babydress, men søt er den jo syns eg. Har brukt hette frå eit mønster, ermer frå eit anna og sjølve kroppen frå eit tredje – sånn ca. Dressen er berre akkurat passe, så den får bli brukt til kjølige dagar no i sommar. Nokre av dei…
Read more

Pysjamaspose

Pysjamaspose kan vel forresten vere noko heilt anna enn dette når eg tenker meg om – ein pose til å ha pysjen i. Men dette er altså ein pysj med pose i staden for bein. Eg har brukt eit mønster til omslagsjakke som utgangspunkt øverst og endra litt på det. Håpar det blir eit praktisk…
Read more

Babytøy igjen

Eit sett i velour etter mønster frå Ottobre 1/2005. Størrelse 62, men min erfaring med klede sydd frå Ottobremønster i forhold til kjøpetøy er at det er litt stort. Grøn er ikkje min favorittfarge i utgangspunktet, men eg syns dette vart nokså fint likevel. Her om dagen sydde eg ei bukse i jesery med kantar…
Read more

Litt strikka og litt sydd

Det er stadig vekk krabaten i magen som blir tilgodesett med alt av mammas håndarbeidstid. Nesten iallefall. Har på gang ei Waldorfdukke saman med mellomsta, men den får vi vise fram når den har fått fjes og hår – om vi (les: eg) får det til. Denne buksa er strikka i str. 0-1 år etter mønster…
Read more

Litt meir utstyr og tøy til småtten

Vi er godt over halvveges i ventinga på vår lille magebuar og eg har kosa meg med å lage litt meir mjuke ting til han eller henne. Teppet i tofarga fleece frå Michas stoffeche var det første eg laga av dette. Teppet kanta eg med eit blomstra bomullsstoff.  Eg syns ikkje eg vart heilt heldig med å runde…
Read more

Kosar meg med å lage babyting

Desse lammeskinnstøflene er tenkte til småtten i magen. Ca 9,5 cm lange i sålen reknar eg med dei passar med det samme han eller ho kjem til verden. Varme føtter er viktig – og sjølv om både mars og april er vårmånader er eg sikker på at dei kjem godt til nytte. Smekka/halstørkledet er etter…
Read more

Sjå ho syr igjen!!

Blogging har ikkje blitt prioritert frå meg på lang tid, og det har heller ikkje blitt sydd så mykje her heime. No ser det imidlertid ut som om inspirasjonen er på plass igjen. I mars (kanskje april) blir vi seks i familien og den lille må jo få litt heimesydd. Når eg så syr til ein liten…
Read more

Skulegensar.

Dette stoffet som eg fekk frå ei nettvenninne ein gang fekk komme ut av hylla i går. Eg hadde lyst til å sy og stoffet passa godt til ein gutegensar syns eg. Kombinerte det med ribb etter mønster frå Ottobre 2005 nr. 3 – modell 22. I bladet er gensaren sydd av velour og med…
Read more

Heimekjole

Eg har sydd litt på ein sundag. Laga meg ein behageleg heimekjole i stretchstoff. Trur det er bambus – eller var det hamp? (Når stoff blir liggande ei stund etter innkjøp er det fort gjort å gløyme).  Stoffet var ubleika/naturfarga og har fått ein omgang i maskina med Nitor brun farge. Eg knytte på nokre…
Read more

Vel blåst!

Så var feiringa av dagen over for vår del. Barnetog – is – leikar – pølser og ein liten opptreden i folketoget ved fløytemusikanten vår. Fløyta vart ordna av korpsdirigenten heldigvis! Med avspeling av MGP-opptak midt på dagen (sidan ingen av oss såg det i går) vart dagen ikkje så aller verst. Og beviset på at…
Read more

Klare til 17. mai!

Skjørtet som eldsta bestilte er ferdig. Utgangspunktet er som nevnt «Salsa dress» frå Ottobre nr. 1/2004. Eg valgte å plassere glidelåsen i sida i stadenfor midt framme sidan eg hadde stormønstra stoff. I tillegg la eg eit legg midt framme og har satt i strikk  både framme og bak i linninga (mot berre bak på…
Read more

Vikinginspirert drakt til 17. mai og prosjektering av maiskjørt

«Vikingdrakta» mi er ferdig (nok) og eg skal definitivt bruke den 17. mai. Den er veldig behageleg å ha på og eg syns den vart akkurat så enkel og grei som eg ville ha den. Vurderar å skøyte på eit stykke på serken for å få den litt sidare, men veit ikkje om eg gjer…
Read more

Bukser til minstejenta.

Minstejenta mi vil ho alltid vere sjølv om ho er ikkje så lita lengre. Buksa er sydd etter mønster frå Ottobre nummer 1/2009 og i størrelse 128. Eg la på litt ekstra i beinlengde på den rosa buksa sidan den skulle ha strikk nede. Buksene er begge i velour frå MG-tyger og  den rosa ribben…
Read more

Ny sjanse

Ein kjole som var blitt for liten, og som dessuten hadde fått ei rift i sida, har fått ein ny sjanse. Eg klipte av overdelen og erstatta den med ein av jersey. Har kanta den med overedge-saum og håpar at det er elastisk nok. Den same saumen er brukt nederst og for at det skulle…
Read more

Joda Lises – eg er i live. ;)

Eg har faktisk til og med sydd litt i det siste. Sundag sydde minstejenta (7) og eg ei veske til dei nye mikrodokkene hennar. Eg kallar dei det dei , men dei heiter Polly Pocket og lignande. Veska er i bomull, utgangspunktet var 30×60 for både ytter- og innerstoff og hankene er berre vrangsydde og…
Read more

Vindtette panneband

Desse er laga i høve haustferien vest i havet. Ytterstoffet er bevernylon på alle tre, men foret er ullfilt, bomullsfleece og polyesterfleece alt etter kva eg hadde av matchande fargar. Ungane har fått navnet sitt brodert på pannebanda i same farge som pannebandet så det ikkje skal vere så veldig tydelig.

Ein stripete kjole som mønstertest.

Eg har sydd denne kjolen for å teste ut eit mønster på vikingkjole. Mønsteret fungerte flott sjølv om eg har brukt heilt andre materialer enn eg har tenkt å bruke til den faktiske kjolen. Kortare enn tenkt er den òg. Denne er i eit eller anna syntetisk (polyester?) medan vikingkjolen skal vere i ull med ein underkjole…
Read more

Forklekjole med knappeskrekk.

Eg syr dei populære forklekjolane oftast uten knapp fordi eg ikkje ser for meg at plagg pr. i dag blir endra etter som barnet veks (type flytte knappar) uansett. Evt fordi det er enklast og er er litt bedageleg anlagt ;) Slik gjer eg det: Sy på eventuelle applikasjonar eller lommer først. Sy framstykke og…
Read more

Ein sommarkjole.

Denne kjolen er sydd etter mønster frå Ottobre Design nr. 6/2007. Der er den brukt som underkjole, men eg syns den med mitt val av stoff passar fint som sommarkjole. Den passar til minstejenta vår, men om det blir ho som får den eller som vil bruke den, gjenstår å sjå.   Kappa nede kan…
Read more

Det er ikkje boss – for meg.

Om du nokon gang har kasta stoffer fordi dei tar opp plass i huset så har eg veldig lyst at du ikkje berre gjer det automatisk neste gang. Eg brukar ein del gjenbruksstoffer og bomull t.d. kan brukast til det meste. Her er innhaldet i ein pose eg fekk no i veka. Har planar for…
Read more

Finbukse til minstemann.

Minstemann skal få fireårsbok i kyrkja i morgon og guten er uten finbukse. Det var situasjonen litt tidlegare i kveld. No har eg klipt og sydd og håpar han kan stille i pentøy i morgon. Eg har ikkje fått prøvd på han buksa sidan den vart sydd etter leggetid, men eg fekk sjekka både livvidde…
Read more

Dinosaurlue – med ein vri.

Denne er sydd etter mønster på Dinolue i boka «Blødt Børnetøj». Eg har forlenga taggane med omtrent det doble slik at det vart ein hale bak. Minsten syns den var kul, men vi fekk oss ein nedtur då første utgava var sydd med strekken feil veg.   Eg klipte av taggane og brukte på ny…
Read more

Påskemoro!

Påske betyr for meg som for mange snø og sol. Når sola manglar så er det kjekt å kose seg inne med mellom anna symaskina. I dag har eg laga ferdig ein genser til mellomsøster. I to ulike typar jersey denne gangen. Burde brukt lysare tråd oppe i halslinninga, men det får så være. Eg…
Read more

Hekta på klessøm.

Eg har kost meg med å sy klær i det siste. Eg har laga to lange gensarar (tunikaer?) til meg sjølv og så har ungane (les: jentene) fått litt tøy. Kjolen som mellomstejenta har på på bildet er min. Ho har enno ein genser i vente som er ferdig klipt og berre gjenstår å montere.…
Read more

Panneband/pannebånd i ein fei.

Pannebandet på bildet er laga av 51×23 cm jerseystoff og modellen er åtte år. Lengda varierer etter hovudet som skal ha pannebandet og etter strekken i stoffet. Sy sammen to like sider rett mot rett til ein sylinder – framgangsmåten blir den same enten du startar med kort- eller langsidene, men det er enklast å…
Read more

Fleecelue på morgonkvisten.

Fleece er eit takknemlig materiale å jobbe med, mellom anna fordi det ikkje raknar. I dag tidleg fann eg ut at eg skulle teste ut mønsteret på lue med (1 eller) 2 spissar frå Stoff og Stil. Eg valgte å bruke to ulike fargar polarfleece på spissane og sydde på eit band til slutt over sømmen…
Read more

Tøysko – framgangsmåten

Her er min framgangsmåte for tøytøfler med utgangspunkt i framgangmåten for skinntøfler.  Eg anbefaler at du leser gjennom heile teksten før du begynner. Mønsterfila er til salgs på denne linken. Prisen inkluderer prisen ein lisens for ein person til å lage produkt for sal av mønsteret (ikkje inkludert fabrikkproduksjon). Du kan ikkje dele eller selge mønsteret…
Read more

Bugs!

Vi har fått insekter i huset igjen. Eg er så glad for når det er denne typen insekter betyr det at eg kosar meg med symaskina igjen.   Eg har òg sydd ei lue som skal til ei lita jente eg eigentleg ikkje kjenner så godt. Håpar den passar. Eg valgte å sy den heilt…
Read more

Hjelmlue – Tutorial for a baby hat.

Takk til Elsebeth Gynther, forfattaren av (mellom andre) boka «Barnetøj du selv kan sy 0-4år» for at eg får lov til å legge ut mønsteret på hjelmlue! Modellen her er laga i cordfløyel, men det meste kan brukast. Brukar du skinn, fleece eller ullfilt treng du heller ikkje tenke så mykje på sårkantar sidan desse ikkje…
Read more

Forklekjole anno 1980

I Alt om Håndarbeide nr 2 1980 var det mønster på ein fin liten forklekjole. Er vi ikkje omtrent tilbake til den tida når det gjeld mote no tru? Eg hadde iallefall ikkje dust på å bruke ein slik på ei lita jente. The pattern for this combined dress and apron for baby is from…
Read more