Kategori: hage

funderer, kreerer, knipsar bilder og nyter livet

Hausten er i gang i hagen

Hausten er nok mi favorittårstid. Mine eigne skuleopplevingar var gode, og hausten såleis fylt med gode forventningar. No blir dette avløyst av spenning knytt til våre eigne ungar sine skuleår. Noko anna som like mykje som dette gjer hausten til ei kjekk årstid er alt som veks og modnast i hagen og i drivhuset. Her er…
Read more

Hagen i juli

Hagen har fått lide litt under at det har vore «innevêr» i store delar av ferien. Ikkje det at vi har vore berre inne, men å stå og luke eller klippe plen i regnver har ikkje frista så veldig. Etter nokre soldagar er plenen slått, dei fleste beda er luka og jammen har eg fått…
Read more

Ny linse

Min kjære har eit Nikon D70 som eg låner når eg skikkelig skal kose meg med fotografering. Orginallinsa som sat på kameraet hadde fått seg ein trøkk og demontering i forsøk på reperasjon resulterte i at den fungerte, men at den var nokså skakk og støvete. Her om dagen bestilte eg difor ei Nikkorlinse 18-200…
Read more

Kva gjer vel eit par-tre år til eller frå

Ja det er størrelsen på Nøtteliten-rulle-gensaren eg snakkar om. Sidan den vart litt vidare enn den skulle sjølv om strikkefastheita på garnet stemte sånn ca, strikka eg den litt lengre i bolen enn i oppskrifta. Og sidan bolen vart så lang så måtte ermene få bli litt lengre dei òg. Og enno litt lengre. Ja,…
Read more

Vår

Min fyrste sesong i drivhuset

Dette har eg venta på! Å få begynne i drivhuset. No har eg lurt inn straum og vatn og overser at det er ein meter med snø i enkelte deler av hagen. Inne i drivhuset skal nemleg frostvakten passe på spirene som ungane og eg skal lokke opp av pottene. Straum og vatn – litt sånn…
Read more

Forklekjolar

Eg må innrømme at eg ikkje har sydd så mange forklekjolar på ei stund, men det å ha ei jente på så godt som eitt år fekk fram lysta på ny. I grunn tenkte eg å sy nokre enkle og praktiske smekker, men så kom eg på forklekjolane og tenkte at kanskje det var like greitt å…
Read more

Som om den alltid har vore der

For nokre år sidan bygde eg (og svigerfar) ei steintrapp i hagen. No har eg nettopp vore ute med hagesaksa for å rydde trappa fram igjen frå buskene av mellom anna rogn, nyperoser, bringebær og brennenesle som har gjort at den har vore overgrodd og nesten ubrukeleg så langt i år. Trappa er no som ein naturleg…
Read more

Dr. Westerlunds hälsoblomma (Graveolens)

Denne fekk eg som stikling frå ein forumvenn for vel eit år sidan. No står den der så fin og luktar av sitron om eg er borti den. Lurer forresten på om den skal vere så lysegrønn eller om den ikkje har det optimalt der den står i sørvindauga mitt og turkar heilt ut mellom…
Read more

Vi gjer eit nytt forsøk på å lage ringblomstkrem.

Forsøket med å lage ringblomstkrem i fjor vart ikkje spesielt vellukka. Det kan vere mange grunnar til det. Den mest sannsynlege er at vi (eg) ikkje fulgte oppskrifta spesielt nøye. No har vi plukka inn blader og tørka; det gløymde vi (eg) i fjor. I dag blanda vi 1 dl tørka ringblomstblad med 2,5 dl olivenolje. No…
Read more

Ringblomstkrem!

Ok – så var det gått både 5 og 6 og jammen var det gått nesten 10 veker sidan vi la ringblomstblader i olje for å lage håndkrem. I dag varma vi bivoks i vannbad. Silte av ringblomstbladene og blanda det heile til krem. Eg testa den med det samme og tja – eg blir…
Read more

Siste septemberdag

September er straks slutt og hausten er definitivt her. Margerittane blomstrar likevel fortsatt sammen med gladioler, ein og annan anemone, ringblomster og solsikker. I dag var ungane og eg på fotosafari for å prøve å fange hausten, men enda opp i skogen under huset der gøymespel, huske og trehytta var meir spennande enn fotografering. Naken…
Read more

Gult er kult!

At gult er kult er ein ting som mange ikkje er einig i når det gjeld hage. Eg derimot likar godt den lysande fargen som gjer litt av seg i bed og krukker. (Bildet over er mitt august-bidrag i naturfotosamknipsinga). Ringblomstblader I dag har eldstejenta og ei venninne plukka ringblomstkronblader for å lage hudkrem. Oppskrifta…
Read more

No er hausten her!

Ripsbusken er tømt og bæra fortært ringblomstene held stand og har enno knoppar som ikkje er i blom og utenfor terrassegjerdet kan eg sjå rødmande tomater som eg veit smakar mykje bedre enn dei du kan få kjøpt. Eg veit det for eg smakte nemleg etter at eg tok bilde! Glimpses from our august garden.

Ringblomst (Calendula Officinalis)

No blomstrar Ringblomstene som vi har sådd i det gul-oransje bedet. Eg har sådd i to omgangar og er spent på kor lang blomstring vi får. Det er dei fyrste som kjem no. Calendula Officinalis in flower.

Gratulerer med dagen store lille jenta!

7 år i dag – eller i kveld som du seier sjølv. Du har fått fortalt at då mamma var utålmodig under fødselen sa jordmor at ho trudde du kom til å nå barnetv. Og det gjorde du. 17.47 vart du fødd på ein strålande solskinnsdag i 2000. Eg er så stolt av deg gode…
Read more

Hysj kan du høyre at graset gror?

  Hysj, kan du høyre at graset gror? Hysj, kan du høyre ein meitemakk som lo? Hysj, kan du høyre ei bille som sang? Då skal du seie kvar einaste gang: Hei alle insekt og alle små dyr, alle som krabbar og kravlar og kryr! Eg er eit menneske og eg er snill, Vær i min…
Read more

Tar du den så tar du den.

Eit av årets store høgdepunkter! Urte- og staudedagen på museet «vårt». Hagelaget arrangerer plantebyttedag der du lever ei plante (frå hagar uten Iberia) og får velge deg ei anna plante til å ta med heim. Vi hadde veldig mange menneske innom og eg fekk tak i nokre godbitar sjølv både frå byttebordet og frå planteutsala. Eg bytta til meg: Smågullkorg …
Read more

Blomsterbed med liv i.

Formiddagen i dag gjekk med til å få på plass siste steinane rundt kanten og å tømme jord i bedet. Etterpå vart det henta gule planter frå andre stader i hagen. Gullkorga ser litt tufs ut, men eg håpar den klarte flytting midt i blomstringa (vente? – kven eg?). Elles i bedet er Gul Lerkespore og ei…
Read more

Eit nytt blomsterbed.

Eg har lenge tenkt å gjere noko med framsida av huset. Lage nye bed og pynte på overgangen mellom singel og plen. Sidan vi har ein del anleggstrafikk forbi for tida tør eg ikkje begynne der eg helst vil – i tilknytninga til det nye vegkrysset, men har begynt på eit nytt bed nærmare huset.…
Read more

Hagelag på hagedag.

I går i øsande regn var eg såvidt innom hagelaget sin hagedag på planteskulen. Ungane var med og dei fekk kvar si rose. Eg plukka ut ei skjermgran som er komen i jorda – førebels ikkje så stor (ca 60cm) men eg har satt den ein plass den kan få vekse fritt (har ikkje tatt…
Read more

Naturbilde – veke 20

Ein Rhododendron eg fekk som avleggar i fjor er komen med sin fyrste knopp. Alltid like spennande å sjå kva som kjem ut av ein stor eller liten blomsterknopp. Bildet er eit utsnitt av det orginale bildet. My weekly contribution for the Nature Photo «Knitalong».

Små spirer av ulike sortar

I dag har eg prikla månedsjordbæra med god hjelp frå eldstejenta vår – ho fylte i jord i pottene og eg flytta plantene. Sjølv om eg ikkje sådde alle frøa i pakken vart det veldig mange planter. Grillformer frå matbutikken og tom tomat- og drueemballasje vert til saman nokre slags minidrivhus. Ã… komme over minstemann mens…
Read more

Mi barndoms bygd.

I dag har vi vore ein tur heimom. Til heimen og garden der eg vaks opp sammen med søsken, kattar, kyr, ein og annan grisen og eit par kaniner (som eg mins iallefall overlevde ein heil sommar). På vegen stoppa vi ved det relativt nye fugleobservasjonstårnet. Eit bygg som med sin spennande arkitektur er verdt…
Read more

Hagegal?

Ein er vel passe hagegal når ein i seine kvelds nattetimar blir sitjande å lese artiklar om priklepinnar! I morgon skal eg spikke meg ein eller to.

Hagen vaknar til liv, og det blir tettare mellom vårteikna.

På dagen i går kunne eg sjå skilnad på Lungeurten frå om morgonen til om kvelden. Den er så spesiell med blomstene som går frå det nesten raude til det blå på ein og samme blomst. Dette er i signaturlæra tolka som eit tegn på at planta er retta inn mot lungene sidan skiftet frå raudt…
Read more

Hagen har prioritet

Det blir sydd lite i heimen for tida, det einaste måtte vere øydelagde glidelåsar og eit og anna hol på ei bukse som blir reparert. Med så fint vêr som vi har hatt dei siste dagane har vi nesten budd ute. Ute i våren! Påskeliljene har òg hatt godt av varmen siste dagane og har falda…
Read more

God påske!

Vil med dette bildet få ynskje alle som stikker innom her ei god påske. Eg trudde det var vår og hadde visst heilt gløymt korleis det er å bu på 300 moh inne i ein vestlandsfjord. Snø i april er meir vanlig enn uvanlig, men påskeliljene taklar det heilt fint. I wish you all a Happy Easter!

Naturbilde – veke 14

April og snø, men krokusane viser at det er vår! Sjølv sommaren med all sin blomsterprakt og farge sliter i konkurranse med desse flotte Krokusane som lyser opp i det grå bedet tidleg om våren. Dette bildet blir mitt bidrag i veke 14 i naturbilde alongen. It’s april and even though we woke up to 5 cm snow this…
Read more

Hagedag i stein

I dag i finværet har eg lempa stein i ura til fingrane vart blå (og raude) og ryggen gav ein liten ulyd. Håpar eg berre har strekt strikken ørlitt for langt og at det går over av seg sjølv. No har eg jobba meg tre-fire meter bortover frå steintrappa mi. Resultatet er at det går…
Read more

Planane er iallefall i orden!

Eg har mange store (arbeidskrevande) planar for hagen og tomta. Berre sjå på skråninga/muren ned til naturhagen vår. I fjor fullførte eg (med litt hjelp av svigerfar) ei trapp ned på høgre sida av muren. No har eg lyst på ei trapp som skal gå ned litt til venstre for midten av terrassen (tru om…
Read more

Påskegave

Min hemmelige venn på Ringblomst har gått heilt av skaftet og sendt meg den perfekte gava!! I dag ringte det på døra og blomsterbudet stod der med den nydeligaste oppsatsen av gule blomster og kalaer (trur eg; blomsternavn er ikkje mi sterkaste side). Når eg hadde løfta oppsatsen ut på bordet hogg eg tak i det lille…
Read more

Haustdag i hagen. A day in the garden.

      

Blåbær? Kva blåbær?

  Eg hadde EITT blått hageblåbær på busken min her om dagen. Hadde; for med det samme denne unge dama oppdaga det var det borte. Kanskje eg får smake eitt av dei andre når dei blir modne? The single blue american blueberry on my bush disappeared the moment this young lady laid her eyes on…
Read more

Smak av sommar!!

5 minutt i bil (eller vel ein time til fots) har vi mengder av blåbær. Vi har hatt fleire turar dit i år og vår eldste begynnar å få teken på plukkinga. Dei andre to ender stort sett opp med blå hender og trut og minstemann et helst det dei andre plukkar – til stor…
Read more

Gøy på landet – Living in the countryside

Her om dagen ville ungane male og då var det veldig greitt å kunne sende dei utendørs. Eg er ikkje så veldig god på å takle seks hender fulle i maling på vandring rundt i huset… Men ute kosa dei seg og kunne gjere ferdige prosjekta sine. Berre avbrutt av pappa i huset som måtte…
Read more

Plantebyttedag

I går var det den årlege urte- og staudedagen ved det lokale museet. Hagelaget der eg er medlem arrangerer samtidig plantebytte for alle som ynskjer (og som ikkje har brunsniglar i hagen sin). Eg hadde med 9 ulike planter i litt fleire potter (fleire eksemplar av nokre) og kom heim med mange nye planter. Ei…
Read more

Steingal…

Viss det er ein ting eg har nok av i hagen min så er det stein. Eit kjekt materiale å halde på med, og så får ein berre finne seg i at det av og til blir for tungt eller at ein av og til får nokre blå tær og fingrar. Denne trappa har eg…
Read more

Hagetid – Springtime in the garden!

Eg har brukt mykje tid i hagen om dagane. Kanskje det er bra å vere litt utan nett tross alt ;) Eg graver, bygger med stein og puslar om plantene mine. Ei plante som eg er spesielt spent på i år er ein (eller eigentleg to) alpeclematis som eg har plata bak huset i det…
Read more

Såtid – Prepearing for the planting season.

I går sådde eg frø til solsikker og månedsjordbær sammen med dei to minste. Eldstejenta var på besøk hos ei venninne så ho fekk ikkje vera med, men dei to minste var ivrige både med å flytte mold og med å vatne. Blir spennande å sjå om vi klarar å få solsikkene til å blomstre…
Read more

Vårtegn

Endeleg ser det ut til å vere vår her hos oss også, sjølv om vi seinast for ei veke sidan hadde 15 cm nysnø. Det er så ein kan sjå plantene i beda bli større frå om morgonen til om kvelden. Denne tida likar eg best av alle. Ã… gå og ruske i beda mine – flytte…
Read more