Hagedag i stein

I dag i finværet har eg lempa stein i ura til fingrane vart blå (og raude) og ryggen gav ein liten ulyd. Håpar eg berre har strekt strikken ørlitt for langt og at det går over av seg sjølv. No har eg jobba meg tre-fire meter bortover frå steintrappa mi. Resultatet er at det går an å gå der. Fyrst har eg lagt opp ein liten haug med runde stein som eg lurer på å la være slik eller la gro over med steinbedsplanter. I nærleiken der har eg latt stå opent eit  plantehol på ca 40 cm i diameter /ca  60 cm djupne som eg må finne noko stort og lurt å plante i. Tar gjerne imot gode forslag på kva eg skal velge. Lurte sjølv på eit morelletre om det fins sortar som pollinerer seg sjølv (eller vi får sette opp eit til ein stad i nærleiken) eller noko anna som gir litt skugge og farge.

Planta/treet blir ståande i utkanten av ein liten platning på kanskje 2½x2 meter som eg er bortimot ferdig med.  Trur jammen det vart slett nok til at det skal gå an å sette opp ein benk der òg. Iallefall dersom eg tar høgde for å måtte legge noko under eit bein eller to for å få den til å stå støtt. Det var så langt eg kom i dag. Ungane gav jobben godkjent sidan det gjekk an å sitte og dingle med beina frå platninga (som altså er i stein) og syns det var benk meir enn god nok (når eg fortalte at eg ville få tak i ein benk til å ha der).

Her er eit «før»-bilde frå sommaren 2004 av ura eg driv og baksar i. Skal prøve å få teke eit bilde frå nokonlunde samme vinkel når eg har fått jobba litt meir.

A day in the garden – it rocks!

I have four blue/red fingers and a sore back but I’m very satisfied with what I have done so far. The photo was taken in 2004, but besides the shed beeing finished not much have been done in this part of the garden in the meantime. I hope to show you a photo showing progress some day soon.

1 thought on “Hagedag i stein”

Leave a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.