Steingal…

Viss det er ein ting eg har nok av i hagen min så er det stein. Eit kjekt materiale å halde på med, og så får ein berre finne seg i at det av og til blir for tungt eller at ein av og til får nokre blå tær og fingrar. Denne trappa har eg bygt nesten heilt sjølv. Eg har fått hjelp til eit par trinn midt i.

Før eg flytta hit var det ingen ting der trappa er no. Dungen av stein og jord som er underlag for trappa er avfallet frå rydding bak garasjen der eg held på å lage meg eit lite hagerom. No manglar eg berre dei to-tre øverste trappetrinna. Far til sambuaren min har jobba litt med å lage støttemur til fyllinga mi i dag og det spørs om ikkje han har seg ei økt til mens eg er på jobb i morgon.

I have made this stairs over the last two years with a little help on a few steps in the middle by my boyfriends father. The last two or three steps are still missing and will be part of this summers project. The pile of stone and mud which makes the base of the stairs are waste material from my project behind the garage (my oacis…)

4 thoughts on “Steingal…”

Leave a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.