Kategori: Foreldre og barn

funderer, kreerer, knipsar bilder og nyter livet

Kids on ice!

Ein tar fire kraftige bjelkar og legg dei i firkant på plenen. Oppå der plasserer du ein stor god presenning. La så vatnet renne uavbrutt i ca 2 timar (håpar du har godt med vatn). Så er det berre å vente på kaldvær. Swosh!! Her har vi to ungar med blåmerker på kne og bakdeler…
Read more

Nedtellinga er i gang – nesten

No er det klart til å begynne nedtellinga. Vi skal plukke av eit hjarta kvar morgon framover og når det er tomt for hjarter på snora er det julafta! Eg har stressa minimalt i år med juleførebuingar og no skal vi bruke adventstida til å kose oss, bake og vere litt «julete».   Denne lua…
Read more

Skattar frå «gamle dagar»

I sommar var eg med og tømde huset til mammaen min. Ho har fått seg eit lettstelt husvære i staden og huset er gått over til andre. I ryddinga kom det fram ein del ting som mammaen min ikkje ynskte å ta med – i kategorien – ta det eller kast det – eller la…
Read more

Ringblomstkrem!

Ok – så var det gått både 5 og 6 og jammen var det gått nesten 10 veker sidan vi la ringblomstblader i olje for å lage håndkrem. I dag varma vi bivoks i vannbad. Silte av ringblomstbladene og blanda det heile til krem. Eg testa den med det samme og tja – eg blir…
Read more

25 mm rain last 24 hours

Det regnar kraftig for tida. Og det har såvidt vore vinter. Regnmålaren er ikkje alltid å lite på sidan eigaren (eldstejenta på 7) ikkje tømmer den kvar dag, men det har iallefall vore både regn og kaldt siste dagane viss ein skal dømme etter isklumpen frå regnmålaren. Ungane nådde til og med å bygge ein…
Read more

Siste septemberdag

September er straks slutt og hausten er definitivt her. Margerittane blomstrar likevel fortsatt sammen med gladioler, ein og annan anemone, ringblomster og solsikker. I dag var ungane og eg på fotosafari for å prøve å fange hausten, men enda opp i skogen under huset der gøymespel, huske og trehytta var meir spennande enn fotografering. Naken…
Read more

Gult er kult!

At gult er kult er ein ting som mange ikkje er einig i når det gjeld hage. Eg derimot likar godt den lysande fargen som gjer litt av seg i bed og krukker. (Bildet over er mitt august-bidrag i naturfotosamknipsinga). Ringblomstblader I dag har eldstejenta og ei venninne plukka ringblomstkronblader for å lage hudkrem. Oppskrifta…
Read more

Barndom er

å bygge trehytte i eigen skog og å huske mellom to store furutrær. Eg er visst enno i barndommen for eg kosar meg med bygginga nesten meir enn ungane. Jammen er det kjekt å ha sin eigen lille skog der ein kan boltre seg fritt. This summer the kids and I have built a small…
Read more

Barneskattar har krav på respekt!

Det er ikkje alltid lett å vere like entusiastisk når dei små troppar opp med sine små skattar som dei vil dele med deg. Små skinande steinar, glasskår som er slipt av bølgene, bitar av skjel eller pinnar. Ofte blir dei vel tatt imot for så å bli lagt til side og til slutt borte…
Read more

Gratulerer med dagen store lille jenta!

7 år i dag – eller i kveld som du seier sjølv. Du har fått fortalt at då mamma var utålmodig under fødselen sa jordmor at ho trudde du kom til å nå barnetv. Og det gjorde du. 17.47 vart du fødd på ein strålande solskinnsdag i 2000. Eg er så stolt av deg gode…
Read more

I forrige veke var vi fem dagar i Bergen

berre eg og ungane på «storbyferie». Fløybana, Akvariet, Vilvite og fisketorget fekk alle besøk av oss. Vi var på kino, åt på resturant og kosa oss for det meste. At det var ei utfordring for ho mor å halde stabilt blodsukker på ungane (javn tilførsel av mat) får så være. Vi får tru eg har…
Read more

Blomsterbed med liv i.

Formiddagen i dag gjekk med til å få på plass siste steinane rundt kanten og å tømme jord i bedet. Etterpå vart det henta gule planter frå andre stader i hagen. Gullkorga ser litt tufs ut, men eg håpar den klarte flytting midt i blomstringa (vente? – kven eg?). Elles i bedet er Gul Lerkespore og ei…
Read more

Lam på bøen er eit skikkelig vårteikn!

Når dei fyrste lamma kjem på nabobøen er det alltid stas å helse på dei. Ungar av to artar møtes og eg veit neimen ikkje kven av dei som syns det var kjekkast, lamma eller menneskebarna.     When the small lambs come out in the spring we just have to go and try to get to touch them.…
Read more

Små spirer av ulike sortar

I dag har eg prikla månedsjordbæra med god hjelp frå eldstejenta vår – ho fylte i jord i pottene og eg flytta plantene. Sjølv om eg ikkje sådde alle frøa i pakken vart det veldig mange planter. Grillformer frå matbutikken og tom tomat- og drueemballasje vert til saman nokre slags minidrivhus. Ã… komme over minstemann mens…
Read more

Mi barndoms bygd.

I dag har vi vore ein tur heimom. Til heimen og garden der eg vaks opp sammen med søsken, kattar, kyr, ein og annan grisen og eit par kaniner (som eg mins iallefall overlevde ein heil sommar). På vegen stoppa vi ved det relativt nye fugleobservasjonstårnet. Eit bygg som med sin spennande arkitektur er verdt…
Read more

Eg trudde eg hadde sydd ein babykjole.

Eg sydde ein enkel forklekjole med tilhøyrande skaut her om dagen – skautet vart litt for romslig til ein baby kanskje, men kjolen er iallefall passande frå ca 1½år og oppover. I dag ville eg sjå om femåringen kunne vere modell (rett nok litt morgentrøytt modell) Eg visste kjolen kunne brukast som forkle langt opp i…
Read more

Reperasjon av buksekne

Til vanlig er buksene (og eigarane) heldige om dei får ein lapp på holet før buksa skal på igjen etter vask og av og til spretter eg til og med opp sidesømmen for å få lappen beint på. Sjeldnare tar eg meg tid til å sy eit maskinbroderi oppå holet; og det blir igrunn nokså mykje…
Read more

Naturbilde – veke 15

Eg er veldig fasinert av trær og det ser eg òg at mange andre i naturbilde alongen er. I dag har eg teke bilde både av selja med gåsungane sine og dei to majestetiske furutrea vi har på tomta, men det bildet eg har valgt ut som vekas motiv tok eg i ettermiddag når ting begynte å…
Read more

Ringslynge

No er denne ringslynga framme hos mottakar så då kan eg vise den fram her òg. Den er laga av duponisilke og eg har brukt medium størrelse aluminiumsringar. Eg har ikkje sydd ringslynger før, men det blir garantert ikkje den siste. Eg valgte å polstre den både i ring-enden og litt i kantane. Eg tok utgangspunkt i framgangsmåten…
Read more

Stegastein

Vi har brukt store deler av dagen på ei utflukt til Aurland. Målet var Stegastein – utsiktspunktet på den framtidige turistvegen mellom Lærdal og Aurland. Det var ein liten skuffelse at fremste delen av utsikta var avsperra slik at litt av effekten av å stå og sjå rett ned 640 meter vart borte. … ta…
Read more

Kulturspiren

Her i  bygda har vi ca annakvar laurdag eit kanonflott opplegg der ungar frå 5-15 år kan vere med på ulike hobbyaktivitetar (yngre barn kan vere med sammen med foreldrene). I dag var det maling, spikking, påskeverkstad, ballongfigurar, «quick knit»Â og drama. Våre to jenter var innom maling, ballongfigurar og påskeverkstad før vi var godt fornøgde. Kulturspiren har både funne fram…
Read more

Rosa My Little Pony. Kan det bli søtare?

Mellomsøster: Mamma?! Kan eg få rosa gardiner med ponny på? Mamma: Ja, klart det vennen! Så her er dei: Gardiner ei prinsesse supergirl verdig! (Og ei lita pute av ei restestripe.) Mum – can I have pink My Little Pony curtains, please? Yes, my dear!  *end of discussion*

Ballerino!

Når ein er lillebror til to jenter har ein ofte lyst å gjere det samme som dei. Jentene går på klassisk ballett (foreløbig myldreballett) og minstemann er veldig svingande i om han har lyst å prøve eller ikkje. Ã… bestemme seg hastar jo heller ikkje når ein ikkje ein gang er fylt tre år. Men…
Read more

Ein dag jeger – den neste dagen bytte…

At vi har mus i veggen er vel berre noko vi må rekne med når vi bur landleg. At vi har mus i stova gjer heller ingen ting når dei er så søte som desse tre. Symaskina mi har surra litt i kveld – men kva eg har laga må vere hemmelig ei stund enno…
Read more

Tre malande (malte) kattar.

Tre små søte pusar i sjølvvalgte fargekombinasjonar. Eg likar veldig godt å halde på med ansiktsmaling og det er ikkje så rart når eg får tre så smilande ungar med berre enkle malestrekar. They have chosen their own colors combinations. I love face painting and who wouldn’t when the reward for a simple face paint are these…
Read more

Over alle grenser!

Lise viste denne veka fram eit tøft bilde i teknikken Out of Bounds. Ho linka også til eit par tutorials i Photoshop. Sidan eg ikkje brukar Photoshop, men Paint Shop Pro måtte eg ut på eit lite søk på eiga hand. Dette hadde eg lyst å prøve, og ved hjelp av min gode venn Google fann eg (som vanlig) det…
Read more

Leiketøy.

Eg har fått meg eit nytt leiketøy -eit digitalt tegnebrett. Argumentet eg brukte overfor meg sjølv for å kjøpe det var at eg kan bruke det til å lage eigne bilder til stingsetting (til maskinbroderi). Det har eg tenkt å gjere òg – men fyrst må eg leike meg litt og lære dei ulike funksjonane.…
Read more

Stemningsrapport

Det er vel litt ønsketenkning når eg brukar snøbilder frå romjula (tur til «fjells» 1ste juledag for å prøve ut kjelken som minstemann fekk til jul) og frå eit snøfall 16. desember som stemningsrapport. For no er det meir grønt enn kvitt ute. Håpar at regnet snart blir til snø og vi kan få ein…
Read more

Babyteppe til ein stor gut. A baby blanket for a young boy.

I kveld vart eg ferdig med teppet til minstemann akkurat i tide til legging. Han godtok det med det samme sjølv om han har holdt fast på at det IKKJE var til han eg strikka teppe når han har sett det undervegs. Teppet er i babyull. Det gamle har han klipt hol i og elles slitt ut…
Read more

Haustdag i hagen. A day in the garden.

      

Skulestart. / First day at school!

Jenta vår er blitt stor – 6 år – og i dag starta ho på skulen i klasse med 21 andre håpefulle. Litt godt å ha mamma og pappa med til å begynne med, men ikkje så lenge. Eg trur det var hardast for mamma når eg «måtte» gå frå klasserommet i dag. Rart å sjå deg bli så…
Read more

Blåbær? Kva blåbær?

  Eg hadde EITT blått hageblåbær på busken min her om dagen. Hadde; for med det samme denne unge dama oppdaga det var det borte. Kanskje eg får smake eitt av dei andre når dei blir modne? The single blue american blueberry on my bush disappeared the moment this young lady laid her eyes on…
Read more

Smak av sommar!!

5 minutt i bil (eller vel ein time til fots) har vi mengder av blåbær. Vi har hatt fleire turar dit i år og vår eldste begynnar å få teken på plukkinga. Dei andre to ender stort sett opp med blå hender og trut og minstemann et helst det dei andre plukkar – til stor…
Read more

Tilbake frå ferie – Holidays are almost over.

Dt har vore stille her fordi vi har vore på ferie heile familien. Ferie betyr at eg ikkje har nettilgang og det har i grunn vore ganske så greitt. Over helga startar kvardagen igjen og eg skal sy heile mandagen. He er eit bilde av meg og ungane ved Bygladsfjorden teke no i Ferien vår.…
Read more

Nytt design frå hausten.

Til tross for ein del bestillingar må eg leike meg litt med nye idear innimellom. Vi skal sjå Kaptein Sabeltann i sommar til liks med mange andre. Minstemann får ikkje vere med sidan vi syns han er for liten, så kanskje dette blir til trøstetøffler til han. Han skal begynne i barnehage til hausten og treng…
Read more

Moro å vere mamma! – Small joys in daily life with kids!

Eg lo godt for meg sjølv når eg fann dokka si tåteflaske i kjøleskapet i går. Fint plassert i kjøleskapdøra mellom mjølkepakkane. Det var nok ein eller ei som har inne at hundedagane snart set inn og at maten då må stå kald for ikkje å bli dårlig. I had a good laugh when I…
Read more

Midtsommar og Jonsok.

Midtsommar er jonsokfeiring med bål, grilling og natursti for alle i heile grenda. Ungane var oppe til det nesten var natt. Heldigvis sov dei litt utpå morgonen i dag. Celebration of midsummers eve. Barbeque – bomfire and games for all. The kids stayed up until late.

Gøy på landet – Living in the countryside

Her om dagen ville ungane male og då var det veldig greitt å kunne sende dei utendørs. Eg er ikkje så veldig god på å takle seks hender fulle i maling på vandring rundt i huset… Men ute kosa dei seg og kunne gjere ferdige prosjekta sine. Berre avbrutt av pappa i huset som måtte…
Read more

Bleiepose – diaper case.

Etter å ha vore på treff med andre mammaer og sett ein kjøpt bleiepose fekk eg ny inspirasjon til å prøve ut eit mønster frå Sleepingbaby. Ein pose akkurat stor nok til eit par bleier og våtserviettar eller (papir)klutar. This diapercase was made from a pattern found at sleepingbaby. They are really easy and fast…
Read more

Mei-Tai; Opp!

Eg har laga ein ny Mei-Tai. Litt fordi eg vil prøve om eg kan klare å lage ein god modell og litt fordi den(dei) første eg laga hadde forbedringspotensiale. Eg har bestemt merkenavnet «opp!» og så får tida vise om eg lagar berre denne eine eller fleire. Broderiet er eit slags celtisk mønster eg har…
Read more

Fantasialong – Let your imagination flow.

No er tida komen til å vise fram resultatet av fantasi-alongen på hobbyboden. Temaet var eventyret om Tommelise. Om kona som ønska seg eit barn, og som til slutt fekk dette barnet; Tommelise. Eventyret handlar mest om den lille jenta og hennar ferd fram til ho møter blomsterprinsen. Min fantasi tok meg til mammaen der…
Read more

Såtid – Prepearing for the planting season.

I går sådde eg frø til solsikker og månedsjordbær sammen med dei to minste. Eldstejenta var på besøk hos ei venninne så ho fekk ikkje vera med, men dei to minste var ivrige både med å flytte mold og med å vatne. Blir spennande å sjå om vi klarar å få solsikkene til å blomstre…
Read more

Kan nokon forklare meg? / I need an explanation!

Kvifor kan ikkje ungar kjenne at dei er mette før det er fylt på med ny mat på fatet deira? How come the kids turn from starving till completely satisfied only the moment after they have gotten more food on their plates?

Vårtegn

Endeleg ser det ut til å vere vår her hos oss også, sjølv om vi seinast for ei veke sidan hadde 15 cm nysnø. Det er så ein kan sjå plantene i beda bli større frå om morgonen til om kvelden. Denne tida likar eg best av alle. Ã… gå og ruske i beda mine – flytte…
Read more

MeiTai igjen.

Sidan naboen min (som ikkje syr til vanlig) skulle sy seg MeiTai – ja då berre måtte eg også prøve… Denne er laga ut frå mål og bilder på utallige engelskspråklege sider – men med utgangspunkt i sleepingbaby.net. Den er laga av sandfarga  bomullslerret og fora med tunn ull (frakkeull). Selane er polstra nærmast kroppen. Ein liten…
Read more

To ufoar mindre – Two less ufos.

I løpet av helga og i dag har eg laga ferdig to dongeriprosjekter. Begge har vore vist her tidligare. Strikkeveska/-korga i dette innlegget – og trekket til leikemadrassa i dette innlegget (rett nok skulle det bli legoveske).   Madrasstrekket dekkar ei rund madrass som eg også har laga sjølv. Når vi bytte dobbeltseng (frå 150 til…
Read more

Sakte men sikkert – Slowly getting there.

Regnbueprosjektet siger sakte framover. I dag har eg maskinquilta dei siste seks brikkene og då gjenstår altså berre lukkekant. Eg tenkte i utgangspunktet lukkekantar i samme farge som bakstykka, men faller nok ned på svart. På den måten blir det svart+fargar på begge sider og brikkene blir roligare på framsida.   My «Rainbow with friends»…
Read more