År: 2011

Tass, tass, tass

Fort fort tassar dei nye tøflene over golvet med vetlesysta sine nakne tær inni. Tær som kjem til å vere fulle i hår når tøflene skal av til kvelden sidan støvsugaren vår rauk i dag. Sammenhengen? Jo, når ein klipper/skjærer i pels så blir det veldig mykje laushår (om ein ikkje klipper berre i skinnet – men det …

Tass, tass, tass Read More »

Brette lime stappe

Eit materiale eg ikkje har brukt så mykje før i mine hobbyar er papir. I dette tilfellet eit gammalt teikneseriehefte. Litt gulna i kantane men det gjer ingen ting for det eg lagar, som tross alt er forventa å vere eit eingangsprodukt: godteposar til vekas sjuårsdag. Papiret var litt sprøtt og rivna lett, så ideelt sett skulle eg sikkert …

Brette lime stappe Read More »

Sum sum

Ja symaskina den surrar og går. Tøflene eg tok opp bestilling på vart ferdige i dag når vetlesysta sov ein microdupp (ho har feber og søv urolig både natt og dag). Her er det eine paret. Det andre er i samme farge, men har navn frampå. Sidan vetlesysta ikkje var så lysten på å sove …

Sum sum Read More »

Ryddar

Eg har rydda litt i hyllene og funne (mellom anna) 17 symønster som desse som eg gir eg bort. Fortel meg kvifor akkurat du skal få dei i ein kommentar her i bloggen. Om det blir fleire som er interessert trekker eg ein mottakar mellom kommentarane. Eller så kan det vere at det dukkar opp …

Ryddar Read More »

Teshas baggy lue

Ja, lua var rask å strikke den! Ferdig like før leggetid sundag kveld. Fargen meir lilla enn den ser ut på bildet, men slik er det gjerne med blitz. Eg fekk lyst på lua sjølv, så avtalen no er at om eg strikkar ei til til henne – i lyseblått garn – så skal eg få denne. …

Teshas baggy lue Read More »

Ullvøl

Nøstebloggen har denne månaden eit tema og ein konkurranse som heiter ullvøl. Då må eg jo vise fram det eg har gjort med den eine nøstebarnbodyen vår. Denne bodyen har vore i bruk heilt frå vetlesysta var nyfødd og har no fått lange ribbekantar på ermene og eit lite skjørt nederst i staden for bodylukningen. Begge deler i …

Ullvøl Read More »

Eg har lyster

Ja, altså det kan vere så mangt man har lyst til, og eg har nok ikkje verken færre eller fleire lyster enn andre. Men nett no har eg altså lyst til å strikke dette settet frå Norsk Husflid nr. 4 i 2010. Bladet/bildet er litt krøllete av å ha vore passasjer i strikkekorga sidan det …

Eg har lyster Read More »

(G)ullunge!

Fakta om garn: Abuelita multi frå  Pickles. Strikka på pinne nr. 3,5 (vrangbordar) og 4. Oppskrifter eg har kikka i: «Ulitmate Longies», «Nøstebarndressen», «Kjekkasgenseren» (Pickles) og «Spisslue i rett» På beina har ho sitt fjerde par med heimesydde pelstøfler. Lilla. Burde sjølvsagt ha sydd eit par brune som skulle matche dressen men… ;)