Å stoppe ull med maskin

Det er mogleg at ull er best å reparere for hand. Ja, til og med sannsynleg at det gir best resultat for dei litt tjukkare plagga. Men om haugen med tynne ullplagg ull veks høg samtidig som ungane veks ut av plagga – før dei blir reparert. Ja, då er stopping med maskin det beste for meg! Ikkje treng det vere kjedelig heller!

Eg brukar to-tre ulike føtter på maskina til reparasjon av tøy. Stoppefoten på maskina er kjekk til dette. Eg tenker mest på den som knapphullsfot, men i manualen min heiter den stoppefot. Maskina mi har eigne sting til stopping med denne. Saumen med stoppefot kan du sjå nede til venstre på bildet. Øverst til høgre viser eg lappen eg har satte oppå stoppinga etterpå. Har berre sydd ein saum rundt nokre millimeter inne på lappen på frihand.

Nede til høgre har eg brukt frihandssaum med quiltefoten eller det som vel òg er kalla stoppefot (full forvirring her). Holet var inni det som er hovudet på sommarfuglen. Her kan ein tegne med maskin akkurat det som fell ein inn. For å kunne sy på frihand på så tunnt stoff må eg bruke stabiliseringsmateriale. Bakgrunnsbildet viser kva eg har bak hullet. Det kvite papiret er «stitch and tear» og den grå biten er ulljesery frå ei kassert trøye. Papiret river eg av etter at eg har sydd. Dette legg eg då naturleg nok underst. Eg legg alltid lapp under hulla når eg stoppar og gjerne òg ein lapp på framsida for å pynte eller gjere det enno sterkare.

Trøya med sommarfugl på er forresten farga med Dymo Nitor farge. Ein porsjon raud og ein porsjon turkis gav ein dus lillafarge. Flott til alle dei slitte grå opprinnelig kvite ullplagga.

3 thoughts on “Å stoppe ull med maskin”

  1. Så greit å kunne stoppe med symasinen!! Liker og ting som går raskt og er kjekt å gjøre! :0) Ble veldig bra!!
    så i innlegget nedenfor at du har fått deg en sybyste! Heldiggris! Det gjør nok ting en del lettere for deg som syr en del klær! :0)
    Ha en flott dag videre!
    klem fra odin

Leave a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.