Skinnsaum

Haust = skulestart. Eg hadde lova eldstejenta mi eit nytt pennal i skinn og at det skulle vere ferdig til skulestart. To dagar før er vel i rikeleg god tid vel? Eg broderte navnet hennar på eine sida før eg sydde det saman. Eit firkanta stykke på 20×23 cm (23 er lengda) og sirklar med 7 cm diameter i endane. Glidelås på 25 cm for at den skal sitje godt fast i endane. Denne syr ein på før ein syr på sirklane i endane. Eg la òg inn ein folda skinnbit i kvar ende for å ha noko å halde i når ein skal opne og lukke glidelåsen.

Det var forresten ikkje berre skuleungane som skulle ut av huset her i dag. Minstejenta vår hadde fyrste tilvenningsdag i barnehagen og eg var med heile tida. Under lunsjen såg eg at det mangla stropper på fleire av tripp-trapp-stolane. Det er lenge sidan barnehagen har hatt så mange små som i år (trur eg), og at slike småting forsvinn når dei ikkje er i bruk er ikkje så rart. Eg spurde om dei var interessert i at eg skulle sy nokre nye, for det er veldig kjapt gjort. Det var dei. Så medan vetlesysta sov ut etter barnehagebesøket, og  broderimaskina jobba med å merke mellom anna handdukar og koseklutar som skal vere med i barnehagen, sydde eg tre stk.

Framgangsmåten er som fylgjer: Klipp ei skinnreim 46 cm lang og tre cm breid og klipp endane runde. Brett remsa dobbelt og sy rundt langs kanten frå ca fem cm frå bretten til du kjem like høgt på andre sida. Putt ei (tre)perle ned i remsa, mellom saumane, og sy så tvers over øverst (ca fem cm under bretten). Forståeleg? Om du ser på bildet og i tillegg har brukt ein tripp-trapp-stol så gir det kanskje meining. No kan du sy matchande remser til alle stoputene du har ;)

Vidare planar på syrommet er å lage i alle fall ei smekke etter oppskrift frå boka Growing Up Sew Liberated som eg fekk i posten her om dagen. Ei vendbar smekke som ein kan bruke både bak fram og på begge sider. Må vere perfekt til barnehagen der eg ikkje kjem til å hugse å  kan ta den heim for vask kvar einaste dag. Om eg i tillegg syr to, så burde eg vere godt sikra på den fronten.

3 thoughts on “Skinnsaum”

  1. Du, rektor bare lo i dag da jeg ville forhandle om dobbel eller trippel lønn. Pøh. Så da ligger det neppe noe penger i å være hjemmearbeidende for deg heller..

    Fint pennal og smarte stropper. Og du – hvilken nål bruker du når du syr med skinn? *skinnjomfru*

    1. Godt du har ein sjef med humor om ikkje anna ;)
      Til skinn brukar eg helst den nåla som står i maskina. *nålesjuske* Som regel trur eg det fungerer best med ei standardnål. Skinnåler har eg slutta å bruke for lenge sidan. Dei skjærer meir i skinnet enn eg likar.

Legg att eit svar til lise Cancel Reply

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.