Skulegensar.

Dette stoffet som eg fekk frå ei nettvenninne ein gang fekk komme ut av hylla i går. Eg hadde lyst til å sy og stoffet passa godt til ein gutegensar syns eg. Kombinerte det med ribb etter mønster frå Ottobre 2005 nr. 3 – modell 22.

genser1

I bladet er gensaren sydd av velour og med bein kant nede, men sidan eg har to litt ulike stoff valgte eg ribb òg på nederste kant. Eg har sydd gensaren sammen med overlocksaum (på Compulocken min) og sydd ned alle saumrom med vanleg rettsaum på symaskina.

erme

Gensaren er sydd i str. 122 og eg legger den difor bort til femåringen min skal begynne på skulen neste haust. For ein gang skuld er eg ute rikelig tidleg…

2 thoughts on “Skulegensar.”

Leave a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.