Ringblomstkrem!

funderer, kreerer, knipsar bilder og nyter livet

Ringblomstkrem!

Bedre seint enn aldri er det vel noko som heiter. For meg har det vore andre ting enn blogging som har vore viktig ei stund, og eg beklagar lises at du ikkje fann nytt lesestoff når du var innom.

Ringblomstkremen vart laga i oktober etter at vi kom igjen frå Island. Då hadde blada lagt i olivenolje litt lengre enn dei 5-6 vekene som stod i oppskrifta, men eg tok sjansen på at det ikkje gjorde noko.

Denne gangen brukte eg oppskrifta til punkt og prikke sidan vi endte opp med steinhard krem i fjor.

50 gram bivoks vart smelta i vannbad.

før den silte olivenolja vart blanda gradvis inn.

Det heile skilte seg og vi rørte leeenge for å få det til å stivne.

Litt etter litt stivna det, men på dette tidspunktet hadde hjelparen min på seksogeithalvt mista lysta på å bli hudkremmakar og funne seg andre aktivitetar. Eg gjekk difor meir drastisk til verks og henta fram stavmiksaren. Då skal eg sei det vart fart i sakene. Kremen vart både glatt og kvit på kort tid. Litt krem gjekk naturleg nok tapt fordi den stivna på miksaren og oppetter kantane på skåla (og litt rundt på kjøkkendisken) men på dette tidspunktet var eg berre glad eg vart ferdig.

Ulike boksar frå skap og skuffer vart fylte med krem og lagra kjølig med tanke på julegavesesongen. Kremen er prøvd ut her heime. Ikkje heilt silkeglatt sidan det fortstt er litt harde bivokspartiklar inni kremen, men bra til å vere heimelaga. Ein nokså feit krem vart det òg. Om vi lagar igjen neste år? Det får tida vise.

9 Responses

  1. Unni sa:

    Så koselig å sjå!

    PS! Du tek så nyyydelige bilder! Likte godt reportasja fra Island!!

    *klem*
    U9

  2. lise sa:

    Jeg synes dette er en kanongod julegaveidé – tror sannelig vi skal satse på ringblomst i hagen til sommeren.

  3. annesan sa:

    Så stilig med yrkesdag v kjøkkenbenken, greit at man kan begynne å eliminere i ung alder! Og så kult at mor gikk for en ny tilnærming på røring *humre*
    Gratulerer med flott resultat!

  4. Bente B sa:

    For en knallgod ide! Kunne godt tenke meg å prøve dette, så neste år må det sås ringblomster :)

    Jeg husker da jeg ammet ungene og slet veldig med såre og sprukne brystvorter, da var det ringblomstbalsam fra helsekosten som lindra det!

  5. hege sa:

    Så mosomt med selvlaget krem! Hege

  6. homla sa:

    Åhhh – det var en knallgod ide. Jeg tror nok denne skal kopieres til neste jul.
    Ringblomster skal dyrkes i hopetall:)

  7. kelli sa:

    Hei!
    Etter å ha lese bloggen din i fjor, satte eg i år i gang med prosjekt ringblomstkrem. Sådde, tørka og satte glaset med olje og blomar i vindaugskarmen. I kveld har eg laga kremen ferdig, og den blei silkeglatt, men litt feit. Den skilde seg for meg fyrst og, men eg varma heile greia opp att ( med olje og alt) til alt var heilt flytande.Hadde i ein liten dæsj roseessens for lukta si skuld. So rørde eg det kaldt att. Då vart den klumpfri :-) Takk for inspirasjon!Ha ei fredfull juletid!
    kelli (ikkje so langt frå deg :-)

  8. lenaf sa:

    Oj, det där med kräm verkade väldigt spännande! jag vill önska dig en god jul och gott nytt år!

  9. Kate sa:

    Egen krem, spennende.
    God jul til dere alle sammen, juleklem fra meg.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *