13 okt

Baby i hus og tid til alt anna enn blogging

2013-10-12 11.34.13
image_pdfimage_print

Tida fyk med baby i hus (og dei krev litt tid dei fire andre òg). Eg tenker innimellom at eg skulle nett ha blogga ditt og datt, men så er tanken borte like fort som den kom. Eg har imidlertid laga både det eine og det andre sidan sist blogginnlegg.

Eg har sydd ein del av ulla eg kjøpte på Janusfabrikken. Ei jakke i Krinkelull – med ulljersey i hetta. Eit favorittplagg allerede. Eg lurer imidlertid på å ta litt av på ermene for at den skal vere meir passelig no.

2013-08-09 19.38.51

Av ulljersey har eg sydd mellom anna tre bodyar, tre bukser og ein heildress i litt ulike fargekombinasjonar. Bodymønsteret er laga med deler frå ulike mønster og buksa eg har sydd er ein enkel tights frå Ottobre.

2013-09-21 14.09.22 2013-09-22 10.36.012013-09-22 10.38.11

Buksa som eg bidrog med i boka «Handmade» er komen heim etter å ha delteke på lansering av boka og er teken i bruk her. Eg trudde denne var sydd i str. 70/80, men i og med at den ikkje er i elastisk materiale passar den godt til minstemor på rundt 65 cm, og eg trur den blir nokså stram før ho blir eitt år (80). Dvs at det sikkert er lurt å gå opp i størrelse om ein syr i stumt materiale.

2013-10-01 16.16.58

Vetlesysta som går i barnehagen trengde sårt nye tøfler, og denne gangen tegna eg rundt foten hennar som utgangspunkt for sålen. Blir vel fotformsko det ;) Ho ville helst hatt rosa tøfler, men sidan det ikkje var rosa pelsskinn i haugen min godtok ho brunt med kvit pels. Eg har òg skore til skinn til tøfler til minstemor, men eg ventar på å få tak i strikk til dei før eg syr dei sammen. Ho skal få modell med høgt skaft i burgunder pelsskinn. Planlegg å prøve ein liten ny vri på denne sidan den høge modellen enno ikkje er heilt slik eg vil ha den. Skinnet er som alltid Islandspels frå Skinnlåven på Hønefoss.

2013-10-07 20.12.44

Non-stop-top har eg strikka fleire av tidlegare. Eit greitt mønster som ikkje gir alt for mykje hovudbry. Denne gangen strikka eg i Kauni (EQ/Regnbogefarga) og pinne nr. 3. Eg hadde tenkt sist eg strikka denne at eg skulle lage halsen rundare framme, men gløymde det igjen. Neste gang… Det eg imidlertid gjorde var å strikke inn tre kortrader over nesten heile bakstykket nederst i ryggen slik at den er sidare bak. Eg strikka òg inn ei hullrad nede. Den har dobbel funksjon. Pynt og knapphull. Knapphull til å feste bodystykket som eg òg laga til ekstra utenom mønsteret. Minstemor er ikkje så lang i ryggen enno at bodystykket hadde så mykje for seg, men eg syns det var grueleg lurt påkome ;)

2013-10-12 11.34.13

Ho lyt få fleire slike vestar/kjolar og sidan eg har som mål å få til ein bedre hals på denne bør eg gjerne berre legge opp på nytt mens eg fortsatt hugsar kva eg hadde tenkt :P

12 mai

Småttisklede

image_pdfimage_print

Småen i magen begynnar å nærme seg dato for lansering. Noko eksakt dato har han eller ho ikkje klart å gje meg, men så langt ut i juni blir det i alle fall ikkje. I dag har eg vaska opp litt klede for å ha slik i starten og vi hadde klar overvekt av bodyar. Altså passa det perfekt å sy nokre bukser.

Den kvite buksa er sydd av bambusjersey. Ribbekantane er òg ein bambusjersey med litt spandex. Ei tunn og lett bukse som blir fin når sommaren kjem. Ooga booga-buksa er bomull med bomullsribb, og den blå er velour + gul bomullsribb. Dei to lysaste buksene har òg fått seg ei matchande hue. Mønsteret til buksene er det same som eg har bidrege med i boka «Handmade».

makalaus

Siste kveldane har eg strikka, og rekt opp og strikka litt meir på ei lita bleiebukse i ull. Men no er den ferdig. Oppskrifta er litt Curly Purly og litt berre fri fantasi. Beina vart så lange som eg hadde garn til.

Har visst heller ikkje vist fram dei to bodyane eg har strikka etter Fragaria si oppskrift «Benjamins voksebody«(str. 0-5 mnd). Dei ser, som det meste som er ribbestrikka, kjempelange ut uten unge inni. Den brune er i Islandsk Kambgarn og den kvite i Merinoull frå Nille/Gjestal. Den brune er meir kompakt enn den andre, så eg er litt spent på korleis den er i bruk. Den kvite er i det same garnet som eg strikka lue i tidlegare.

strikkesmaatt

 

No er pinnane tomme her, men garnkassen er ikkje tom så eg skal nok klare å finne på noko som kan vere kjekt å ha til ein liten kropp. Nokre fleire sokkar kanskje. Eller ein vest? Eller nokre små vottar til småkjølige kveldar. Skinntøfler skulle eg jo òg ha sydd, ikkje sant?

 

10 apr

Har du lyst på den nye syboka «Handmade» heilt gratis?

image_pdfimage_print

handmade by meEg har tidlegare fortalt at eg har vore så heldig å få vere med i ei ny sybok som kjem ut no i april. No nærmar boka seg med stormskritt, og eg har fått lov til å lodde ut eit eksemplar i bloggen min. Boka er hovudbok i Hobbyklubben  no i april!

Om du vil vere med i trekninga av boka så legg igjen ein kommentar her. Gjerne ein som får meg til å smile ;) Eg har ingen andre krav enn dette.

Trekninga blir gjort den 14. april etter kl 20.00.

 

Her heime går det elles i strikking og litt småreperasjonar på symaskina for tida.

 

kragejakke smart

Kragejakka av Sandnes Smart, men etter oppskrift frå «Strikk til Nøstebarn» nærmar seg ferdig. Eg skulle opprinneleg strikke den av restegarn, men endte opp med å måtte kjøpe tre nøster (dvs. nesten halvparten av det eg trengte). Så no håpar eg jakka fell i smak. Har berre igjen å strikke knappestolpane.

2013-03-29 22.27.31

Eg har òg strikka nokre små søte brune raggsokkar til baby i tunn Abuelita merino multi. Mønsteret eg har brukt til desse er henta frå «Myk Start» og heiter raggsokk til mini og mamma.

2013-04-10 10.43.45

Før eg strikka raggsokkane laga eg eit par «Stay-on Baby Booties» i kvitt. Dei vart litt store med tanke på ein heilt nyfødd, men sikkert gode til vinteren igjen.

 

22 mar

Småplukk til eit lite knøtt

image_pdfimage_print

Vi (les: eg) begynnar så smått å kome i reirbyggingsmodus. Det er vel ikkje så rart i og med at våren er rett rundt hjørna ;)

Av plagga her var det første eg laga ribbebuksa i Kauni (EQ og EC). Eg prøvde meg på første gang på å strikke med Magic Loop og første møte med dette garnet. Garnet er greitt nok det, men eg vart skuffa over at det var såpass mange knutar/skøyter på garnet og at eg difor måtte nøste vekk ein del garn på andre beinet t.d. Men stilig vart det jo. Og eg har igjen nok garn til nok eit lite prosjekt eller to. Garnet er ikkje så mjukt at eg vil ha det direkte mot hud – i alle fall ikkje på baby, men til ytter- eller mellomplagg passar det fint.

Ikauniribbebukse

Etter buksa var ferdig la eg opp til eit babyteppe i babyull frå Sparkjøp. Eg strikkar desse alltid av seks nøster/300 gram. Då blir dei store nok til å vere eit teppe som kan brukast i mange år. Alle mine fire ungar har fått minst eitt slikt teppe. Etter teppet strikka eg ei bittelita hue i babyull. Denne tenker eg kan vere fin å ha på baby første timane/dagane uansett årstid.

teppeoghue

I dag har eg sydd ei lita bukse med matchande hue. Størrelse nyfødd 50/60. Eg syns det meste av bukser som er til salgs i butikkane er enten i litt for stivt stoff eller med bein eller… Ein blir gjerne litt kresen av å sy sjølv, men eg har i alle fall planar om å lage fleire slike til babygarderoben. Som ein kan sjå av biletet er det full vår ute :P

elefantsett

15 feb

Karneval og strikketid

image_pdfimage_print

Februar er tid for karneval, og sjølv om eg ikkje alltid er like entusiastisk i forhold til krumspring utover kvardagen så prøver eg å stille opp. Når det så er toåringen som skal i veg er krava (heldigvis) ikkje alt for høge. Jentungen ville vere «pus» på karnevalet i barnehagen og det hadde vi ikkje spor av i utkledningskassa vår. Men vi har skinn og vi hadde ein hårbøyle som ikkje var i bruk. Så då sydde eg to doble trekantar som eg tredde inn på hårbøylen.

Kombinert med litt sminke vart ho den søtaste pusen i mils omkrets.

puseoerer

Elles nevnte eg vel nett at eg strikka på Mariusgenser til eldstejenta. No er den ferdig og eg har notert meg eit par-tre ting. Eg burde ha gått ned ein halv pinnetjukkelse til pinne nr. 3 og halsen på størrelse XS vart alt for vid slik eg strikka den. Eg endte med å felle ned til 84 masker, noko eg syns vart passeleg.

Etter at eldsta no har «prøvd» gensaren i eit par døgn har eg endeleg fått den av henne for å få blokka den. Så får vi tru den er tørr igjen til bruk i morgon.

marius med rosa

Ja og så veit eg kva feil eg ikkje skal gjere i mønsterborden om eg skal strikke Marius fleire ganger… Det er ei her som ynskjer seg Mariusjakke i orginalfargane og med glidelås, men eg har ikkje lova noko som helst enno. Blir i tilfelle strikka i Smart.

Eg har òg fått strikka ein liten «sjelevarmer» etter mønster frå Nøstebarn. I størrelse nyfødd. Men så små nyfødde som denne ser ut til å passe til har vi ikkje vanlegvis her i familien. Vi får sjå om den passar, elles er det vel andre (eller ei dokke) som kan ha nytte av den. Søt var den i alle fall. Den er 12 cm breid/høg – men elastisk på grunn av rillestrikken.

sjelevarmer

Tøflene frå førre post har forresten vore i bruk i barnehagen eit par veker alt. No har eg klipt ut pelsskinn til nokre heilt små tøfler, som er så kjekke å ha til barselgaver og liknande.

05 jan

Juleribb(er)

image_pdfimage_print

Her i huset er det pinnekjøt det går i i jula, men på hobbyfronten endar eg ofte opp med strikketøy når det er som mørkast ute. Det er då vi er samla alle inne om kveldane og å sitte med strikketøy er tross alt litt meir sosialt enn når eg set meg med symaskina.

Så i desember har eg strikka ribbestrikk. Fyrst ein genser av Pickels Pure Alpaca. Garnet skulle fyrst bli kjole, men praktiske meg endra meining etter ei stund (og så tok strikkemønsteret på stakken på kjolen veeeldig lang tid å strikke) og rekte opp. Og det vart flott som genser! Vetlesysta fekk denne i julegåve frå oss. «Har du strikka den til meeg?!» Kjekt med ungar som blir glade og overraska sjølv om dei har prøvd plagget undervegs i prosessen ;) Dette er ein veldig mjuk og veldig varm gensar.

I romjula strikka eg ein NonStopTop i Nøstebarn-garn (link til mønster i Ravelry – krev innlogging). Nøstebarngarn er ikkje mitt favorittgarn må eg innrømme, til det er det litt for stikketete og stivt (kanskje spesielt etter å ha strikka med Pickles Alpaca), men oppskrifta anbefalar eg. Men det geniale er at på denne blir det berre to trådfester – start og slutt, med mindre du strikkar med fleire fargar. Eg trur den er nokså varm, for den ryker nokså fort av igjen når ho har den på inne.

Eg valgte å strikke bakstykket litt sidare og syns det gjer toppen ekstra fin. Kunne òg tenkt å tatt av to omgangar ved knappen/splitten framme for at den ikkje skal ligge så tett på halsen, så det skal eg gjere neste gang eg brukar dette mønsteret.

Gensaren som eg strikka til jul var litt i største laget til å ta i bruk med det samme, så eg tenkte eg skulle strikke ein ribbegenser til. Denne gangen i litt tunnare garn og altså litt mindre. Denne gangen blir det Abuelita tretråds merino/merino multi. Garnet vart ikkje slik i mønsteret som eg hadde tenkt det oppstrikka, men mjukt og godt er det i alle fall. Denne strikkar eg etter oppskrifta på Ribbegenser i Nøstebarnboka, men i staden for pinne nr. 2,5 og 3 brukar eg pinne nr 3 (bård) og 3,5.

I romjula spurte dessuten eldstejenta om eg kunne strikke henne ein Mariusgenser. Og sidan det er svært sjeldan den jenta spør meg om å lage noko til henne kunne eg ikkje seie nei. Så no vekslar eg mellom ribbegensaren og Marius. Den siste blir i orginalgarnet Sandnes Alpakka.

Men to ulike prosjekt – begge med pinne nr 3,5 – gjer vel at eg får nok av strikking for ei stund. Så då får eg tørke litt støv av symaskina igjen. I det siste har den visst kun fått lov til å bidra med reparasjonar av tøy.

 

08 des

Magisk flette

image_pdfimage_print

Har du nokon gang prøvd teknikken hemmelig eller magisk flette? Av ei remse med skinn kan du lage enten bokmerke, armband eller kanskje til og med til eit belte eller hundehalsband. Dette er relativt enkelt å gjere om du kan flette vanlig, det einaste som er skilnaden er nokre enkle vriar innimellom mens du flettar.

Eit armband t.d. lagar eg av eit emne som er litt breiare enn det eg vil ha det til slutt, og i alle fall 1 cm lengre enn det eg vil ha det. Eit breidt emne «stel» meir av breidda fram til ferdig produkt enn eit smalt emne. Litt vanskeleg å gje ein eksakt mal på dette. Til meg sjølv ville eg brukt 22 cm x 1,5 cm breidde for å få eit ferdig armband på ca 21 cm.

Del remsa i tre like delar på midten men ikkje heilt ut i endane. La det stå igjen så mykje du treng til å knytte, sette på spenner eller kva som passar til ditt produkt.

Eg har teikna korleis magien går føre seg i hemmelig/magisk flette i ein nedlastbar pdf her, eller du kan sjå på denne videoen på Youtube:

Det går òg an å flette med fem «trådar». Då må du endre på kor tid og kor du smetter enden gjennom og litt på sjølve flettinga. Om du er nysjerrig på dette kan du sjå på denne: