Lag dine eigne skinnsålar

Mange strikkar og heklar sine eigne tøfler – tova sådanne. Desse er gode og mjuke og varme, men dei er glatte! Det finst skinnsålar å få kjøpt som ein kan sy på under, men kvifor ikkje lage dei sjælv slik at dei passar akkurat både i form og farge?

Viss du vil kan eg lage til deg – også med navnebroderi på hælen – men her får du min framgangsmåte viss du vil gjere det sjølv:
Lag deg eit sålemønster ved å måle lengda og breidda på tøffelen under og tegn ein såle med form som på bildet under, med dine mål.

Sett alternativt tøffelen på eit papir og tegn omriss – gjerne med foten nedi/fullstappa med tøy el.l. Strek rundt, tett inntil flata som berører golvet, men uten å vinkle pennen under tæffelen. Rund evt. av viss du ikkje vil ha ulike sålar på høgre og venstre.

Mål omkretsen på sålen. Pluss på litt ekstra så du ikkje kjem ut med for lite skinn til sammensyinga.
Skjær eller klipp ut sålen i skinn. I tillegg til sålane treng du ei skinnlist på 3 cm x omkretsen på tøffelen + 2 cm til kvar såle. Viss du vil kan du ha lista høgre bak (bua form), men då må du passe på å få den midt bak på hælen når du syr den sammen – ei rett list er lettare å passe til. Gjer slik du syns er greiast.
Viss du må bruke to korte lister (ikkje lang nok skinnbit) skøyter du ved å legge rette mot vrange og sy to rette saummar på tvers (sjå siste bildet).

 

Legg rettsida på lista mot vrangsida (den som er ru) på sålen og sy den fast. Start midt bak viss du har bua del slik at du får den midt bak på tøffelen – viss ikkje kan du starte på sida – ca 3-4 cm innpå lista (fordi du må ha rom til å sy den sammen med andre enden).

Det er ein fordel med glide- eller rullefot på symaskina, men dersom du ikkje har det kan du legge rivevlieselin eller kopipapir mellom skinnet og pressarfoten. Skinnål viss du har det, elles kan ein grov standard nål gjere nytten. 

Legg lista på plass etter kvart som du syr og sy rolig rundt til det gjenstår 3-4 cm.

 

Sy sammen lista med to rette saumar på tvers – rette mot vrange får du syr siste del av lista fast til sålen. 

For å få sydd sålen fast til tøffelen lagar du små hull rundt kanten oppe med ei hulltang og syr på med t.d. knappetråd eller fleirdobbel sytråd. Du kan også sy uten å lage hol fyrst, men då bør du ha skinnål og MÃ… ha fingerbøl!


Skinn kan du få kjøpt i fleire ulike hobbybutikkar/-kjeder (t.d. Panduro, Sløyd Detaljer og SGS) eller hos Skinnlåven. Skinn frå plagg frå t.d. bruktbutikkar kan også vere brukbart.

2 thoughts on “Lag dine eigne skinnsålar”

Legg att eit svar til ohelene Cancel Reply

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.