Ein Opp! Mei-Tai framme hos sin nye eigar.

I dag fekk min siste Opp! kome ut av Norgespakken igjen etter eit par dagar i mørke, og vart begeistra mottatt av bestillaren. Eg er så glad for å få lov til å lage bæreselar (som eg dristar meg til å kalle det) og på den måten støtte opp under babybæring. Babyen her er rundt fire månader og mammaen viser korleis ein kan bære i Mei-Tai med babyen på magen.

Den neste eg skal sy trur eg skal vere offwhite og med eit naturmønster brodert på. Eg trur dei som skal ha den vil sette pris på noko slikt – ikkje alltid så lett med frie tøylar.

Sender elles fire par tøfler i posten i morgon og håpar at resten av dei som har bestilt hos meg ventar tålmodig.

Look at this beutiful lady whom I’ve been lucky enough to get to sew a Mei-Tai for. Here she is having her baby (about four months old) in front carry position.

 I’m going to make another one soon for some friends of us. That one I think will be offwhite with some kind of leaves or flowers. I think they will like something like that.

I’m also sending four new pairs of soft leather shoes tomorrow. Hopefully the rest of my customers are still waiting patiently…

3 thoughts on “Ein Opp! Mei-Tai framme hos sin nye eigar.”

Leave a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.