Ei bukse som slett ikkje er kilen

Eg har sydd fleire bukser etter eige mønster til vetlesysta no, og dei har alle vorte litt ulike. Nokre har eg sydd uten kile og nokre med, nokre med lange bein, nokre med korte, nokre med ribb og nokre uten. Så var det det med kile då – veldig greitt å få lagt til litt slitestyrke og bevegelsesrom i skrittet, men plundring å få sydd fint sammen. Så kva gjer ein då? Jo, ein lagar eit mønster uten kile. Eller, buksa har på ein måte kile likevel sidan eg har integrert litt ekstra stoff i bakstykket.

Den lilla ullbuksa under var første test på dette nye mønsteret. Sjølve buksa er i ein tynn ullfilt og kantane oppe og nede i ulljesery.


Etter første utkast tegna eg mønsteret på nytt og sydde ny testbukse. Denne har eg ikkje fått prøvd på jenta enno, men eg syns den ser ut til å vere slik eg vil ha den. Buksa er sydd i velourrestar etter ein kjole/tunika eg sydde til meg sjølv her om dagen. Velour har god strekk, så eg har brukt samme stoff til ribb både oppe og nede som i sjølve buksa. Resultatet er ei romsleg bukse heilt utan irriterande saumar midt framme og bak.

4 thoughts on “Ei bukse som slett ikkje er kilen”

  1. Så lurt med integrert kile. Tror jeg har sett en lignende løsning i et eller annet mønster, kanskje Stoff og Stil? For mye plunder med å sy inn en kile så det er jo kjempefint om denne buksen har fin passform…

    1. Ser ikkje heilt for meg denne som vaksenbukse. Kanskje?
      Går fint i barnehagen no. Har grått litt ved levering heilt til no, men i dag gråt ho i det minste ikkje når eg henta henne. Ikkje så rart når ein tenker på at ho ikkje hadde blitt passa av andre i det heile tatt før ho begynte i barnehagen… :)

Legg att eit svar til ohelene Cancel Reply

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.