Månad: oktober 2008

Vindtette panneband

Desse er laga i høve haustferien vest i havet. Ytterstoffet er bevernylon på alle tre, men foret er ullfilt, bomullsfleece og polyesterfleece alt etter kva eg hadde av matchande fargar. Ungane har fått navnet sitt brodert på pannebanda i same farge som pannebandet så det ikkje skal vere så veldig tydelig.