Hjelp til å lage kuttefiler av bilder, tegningar m.m.

Eg hjelper deg gjerne med å lage kuttefil av bilder, tegningar eller å bygge opp eit design som du sjølv kan bruke i di kuttemaskin. Du vil få tilsendt kuttefiler i dxf og svg, samt bilder av kuttefilene i png-format.

Send ein mail her for å høyre om eg kan hjelpe deg å lage ei kuttefil enten av dine tegningar eller bilder eller stille spørsmål om prisar og vilkår elles.

Kategoriar: , Merkelapp:

Hjå meg kan du få laga ferdig kuttefil enten i dxf/svg-format til å bruke i Silhouette-kompatible maskiner eller t.d. ScanNcut frå Brother. Du vil òg få med ei fil med bilde av designet i png-format.

Prisar på tenesta er etter kompleksitet og arbeidsmengde, men grunnpris er 50 kroner for ein vanlig einsfarga trace, kr 100 for enkle barnetegningar og bilder. Bilder og tegningar som eg må redigerast før tracing tar eg frå kr 150 for.

NB! Eg kan ikkje lage kopiar av bilder som er copyrightbeskytta eller trademarked. Er ikkje bildet merkt med at det er til fri bruk er det som regel ikkje til fri bruk. Lurer du på om du kan bruke eitt bilde så spør den som eig det :)

Komponering av design får du ein pris på etter tidsbruk og kompleksitet. Du vil få ein forhåndsvisning av designet tilsendt slik at du kan akseptere før kjøp. Eg har mange fine fontar – så om du t.d. er ute etter å bruke ei spesiell frase ein gang i ein spesiell font kan du kjøpe teksten hjå meg uten å måtte kjøpe heile fonten.

OBS. Dersom du ynskjer å kjøpe eit design av meg kan du betale enten for å få det laga og rett til å bruke det (prisar som over) eller betale ut ein einerett til bruk. Prisen for einerett er naturleg nok høgare enn om du berre betalar meg for å lage eit design som du kan bruke. Design/kuttefiler eg lagar til deg utan at du kjøper einerett til dei er min eigendom og eg kan fritt gjere med dei som eg vil. Dette gjeld imidlertid ikkje kuttefiler eg lagar til deg av dine bilder eller tegningar. Der har du sjølv eineretten til kuttefila utan å betale ekstra for dette.

Send ein mail her for å høyre om eg kan hjelpe deg å lage ei kuttefil enten av dine tegningar eller bilder eller stille spørsmål om prisar og vilkår elles.

Glatt vinyl

Vurderingar

There are no reviews yet.

Be the first to review “Hjelp til å lage kuttefiler av bilder, tegningar m.m.”

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.