Sommarbukser.

Til tross for mange bestillingar måtte eg berre lage noko heilt anna for å koble av etter litt stress siste dagane. Ein rest av eit lin/viskose-stoff blei til to bukser. Den fyrste alt for liten til nokon av mine (dessuten har den nokre skjønnhetsfeil). Får sjå om eg finn nokon som har lyst å overta den likevel.
Den andre får bli sommarbuksa til minstemann. Må berre stramme strikken litt meir. Syns dette stoffet var så fint at eg har planar om å få tak i meir.

Eg har ein stor bit igjen, men den har eg planar om å lage ei ringslynge av.

Leave a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.