Oppkøyring til salgsdag.

Til helga skal eg ha min debut som selgar av eigen produkt – iallefall når det gjeld å ha salgsbod. Eg kjenner at eg stressar ørlitt; skulle så gjerne hatt mykje meir å presentere, men syns også at eg har fått laga opp ein del fine ting som eg gledar meg til å stille ut. I dag har eg laga ein masse ullkroner og nokre fleire forklekjolar. I ein annan kasse ligg frå før av skinntøfler, vesker, trekanttørkler og nokre andre småting.
Eg har leigd meg bod under boknatta i den norske bokbyen, Fjærland og håpar å ha det moro samtidig som eg kanskje kan få litt salg. Med meg har eg ei venninne og mor hennar slik at vi kan dele litt på å stå der denne natta.

I’m really buzy these days. Next saturday I’m going to sell my own goods at the Norwegian booktown on the annual booknight. From 17.00 until 02.00 there will be resturants, bookshops and some odd «salesmen» like me – together a little marked.

9 thoughts on “Oppkøyring til salgsdag.”

  1. Hehe, så bra at vi finner inspirasjon i hverandre!

    Jeg synes det ser ut som om du har masse skjønne ting å selge, jeg kjenner litt på den stressfølelsen selv, bare en mnd igjen til OFD… sukk. Men lykke til, ta masse bilder på marked da!

  2. Ã…, så skjønne forklekjolar! Skikkeleg herlege fargar. Det blir nok knallsalg på deg, vil eg tru! Den bleieposen lenger her nede var og lur, kanskje eg må sy ein sånn ein mens eg likevel går her og ventar… ;-)

Comments are closed.