Ny med Silhouette Cameo

Eg er over middels interessert i programvare og duppedingsar. Så å «leike» med Silhouette Cameo1 i kombinasjon med programvara Silhouette Studio, er på kort tid blitt ein av mine favorittsyslar i ledige stunder. At dette knyter saman to av mine andre favorittar, data og saum, er vel hovudgrunnen til det. På forumet for maskina på Facebook ser eg at det var mange som fann ei slik maskin under juletreet. Gratulerer med eit flott verktøy! Mange sit nok dessverre enno og skular bort på den uoppakka maskina med litt sånn ærefrykt med tanke på alt den kan utrette. Kor skal ein begynne?!

Ein liten parantes om sjølve maskina:
Silhouette Cameo1 er ei digital kuttemaskin som skjærer ut figurar i ulike materiale. Det kan vere papir, vinyl, stoff, plast etc.
Andre versjonar av maskina er SD, Cameo2 (nyaste versjon) og Portrait.

Mitt forslag til begynnelse er å laste ned programmet Silhouette Studio frå Silhouette Amerika si side og installere dette. Start programmet etter at du har installert det.

I programmet er det ein funksjon for å kjøpe og laste ned design direkte frå Silhouette Store. Du må registrere ein konto for å kjøpe design, og det gjer du enkelt via nettsida deira om ikkje du finn ut av det i Silhouette Studio.  Denne kontoen er den du skal bruke for å få tak i designa som følger med maskina. Du vil òg kunne registerere maskina di på nettsida der. Silhouette Store har eit gratis design kvar veke, og elles både bokstavsett/fontar og mange typar kjøpedesign til ulikt formål. Prisane varierer alt etter om du kjøper til å bruke privat eller til komersiell bruk.

Pakk så opp maskina frå øskja!! Den kjem med straumkabel, usb-kabel og kuttematte. Plugg maskina i med nettkabel og koble den til pcen med usb-ledninga. Slå den på med straumknappen. Om alt går som det skal vil du sjå i Silhouette Studio (etter dette kalla Studio) at maskina er kobla til.

Korleis lagar/finn eg motiv til å kutte? 

– Kjøpefiler t.d. i Silhouette Store som er klare til bruk med vinyl , print and cut eller som papirprosjekter m.m. Alt etter kva DU er mest interessert i.
– Skriv inn tekst direkte i Studio. Denne vil vere klar til kutting direkte. Veggord på do?
– Tegn eigne motiv i Studio med tegnefunksjonane som finst der. Slepp laus kunstnaren i deg.
– Last ned bildefiler og hent desse inn i Studio.

Her er ei lita liste over kva filer som kan opnast i Studio (versjon 3) via open, merge eller import og veldig kort om skilnaden på dei to ulike bildeformata brukt i Studio:

I  vektorformat (Tracing * er ikkje naudsynt, dvs at dei er klare til å brukast direkte til kutting. Kan enkelt fargeleggast om du vil skrive ut for «print and cut». Kvaliteten blir uendra sjølv om du endrar størrelsen på bilda)
.studio (Silhouette Studio sine eigne filer)
.gsd
.dxf
.svg (krev oppgradering til Designer Edition)
.ttf/otf

I bitmap/rasterformat (Desse må tracast*, men kan brukast til utskrift direkte. Kan brukast som mønster/patterns – dette går eg ikkje inn på her no. Kvaliteten på bildet er avhengig av pixelstørrelsen.)
.jpg
.gif
.png
.tif
.pdf
. bmp
.wmf (berre windows)
.pict (berre MAC)

Og så ei i lita ordliste. Med maskina kjem nemleg eit vell av nye ord. Nokre av dei har vi enno ikkje innarbeidd gode norske ord for sidan programmet ikkje (enno) finst på norsk:

HTV- Heat transfer vinyl./Varmeoverførbar vinyl. Er berekna på å bruke på tøy.  Skal ligge i maskina enten med eller uten kuttematte * med den blanke plastsida ned.  Det finst ulike typar HTV som festar seg til ulike typar stoff. Skal, som det går fram av navnet, overførast ved bruk av varme. Både strykejarn, varme-  og strykepresse kan nyttast. Man brukar ikkje damp i denne prosessen.

Kutteinnstillingar. I Studio vil du kunne velge mellom ein del forhåndsinnstilte kutteinnstillingar. Ofte er desse heilt perfekte til ditt bruk, og like ofte må du endre dei for at kuttinga skal bli fin og rein. Kuttinnstillingane blir oppgitt med tre tall t.d. 3-5-20 der det første står for innstillinga på kniven, det andre talet for farten og det siste talet for tjukkelse.

Kuttematte  Maskina kjem med ei plastmatte som er limbelagt på eine sida, og som har eit rutenett slik som du ser den i Studio. Denne matta brukar du for å få det som maskina skal kutte til å ikkje bli dratt rundt av kniven. Du tar av det grøne beskyttelsesarket før bruk. Ta vare på arket og legg det på matta mellom kvar gang du brukar den. Matta skal ideelt sett ikkje bli kutta i, men det skjer og den blir slitt etter bruk. Du kan òg kutte ein del materialer uten matte.

Rhinestones/Liksomdiamantar. Designer Edition lar deg lage malar/templates til rhinestones. Du treng då den påstrykbare varianten og eit template ark som du brukar til å lage malane i. Desse heiter Rhinestone template sheets.

Sketching/Skissing. Kuttemaskina kan i staden for å skjære kuttelinjene tegne desse. Du må då byte ut kniven med penn/tusj el.l. Du treng då tusjar tilpassa maskina eller ein penneholdar slik at du kan bruke eigne pennar/tusjar/byantar.

Sjølvklebande/Adhesive vinyl er berekna på å limast på vegg eller gjenstandar. Finst i ulike merker og kvalitetar til både innandørs og utandørs bruk. Vinylen skal på samme måte som HTV* ligge i maskina med eller uten kuttematte*

Tracing/Lese inn (bilde). Dersom du opnar/hentar inn bildefiler i .jpg eller andre bitmaptypar i Studio, må bildet lagast om til vektorformat for at Studio skal kunne bruke den til kutting. Denne prosessen heiter tracing. Korleis du tracar har eg vist i eit par videoar som eg har lagt ut her tidlegare. Du finn dei via Youtube-kanalen min.

Weeding/Luking. Når du har kutta t.d. i vinyl vil det bli negative områder i designet som skal plukkast vekk før du kan overføre designet ditt til der det skal vere enten på kjøkkenveggen eller på minstemann si smekke. Denne prosessen med å ta bort overflødig materiale kallar ein weeding. Luking vil vere eit greitt norsk ord for dette.

Klar til å kome i gang?

No sit du der altså med blanke ark, bokstavleg talt om du ser i Studio, og ei flett ny maskin som kan «alt.» Ta deg ei lita stund på å tenke igjennom kva det var som gjorde at du kjøpte/ynskte deg denne. Var det for å ta scrapbookingen til ny høgder? Var det for å lage kule trykk på babybodyen, fars truser eller storebrors russedress? Var det for å lage veggord til alle rom i huset? Eller var det noko heilt anna? For denne maskina kan «nesten alt»!

Om det var berre ein generell WOW den maskina kan ALT og den MÅ eg berre HA, så rår eg deg til å prøve å lande på eit par område til å begynne med. Og så er det i grunn berre å sette i gang.

Last inn eit enkelt design, gjerne eit av dei som kom med maskina. Putt materialet ditt på kuttematta* eller last den direkte inn i cameoen. Pass på at det er god plass bak maskina då matta bevegar seg ut på baksida når maskina jobbar. Velg kutteinnstillingar* tilpassa materialet ditt. Still inn kniven på foreslåtte djubde og gi det eit forsøk.

Lukke til! Vis meg gjerne det du lagar!

4 thoughts on “Ny med Silhouette Cameo”

  1. Hei! Fyrst og fremst, for ei flott bruksannvisning du har laga! Eg står på trappene til å kjøpe meg ei maskin, og vil hovedsakleg bruke den til merker til klede, MEN her kjem mitt rop om hjelp. Lurer også på å bruke den til eit slags panel/travle oversikt. I vinyl Denne skal være svart, med div. Skrift og hol til brytere. MEN det skulle og våre nokre lyse felt, så lys kan skinne gjennom.
    Dette vart tungvindt, men eg lurer rett g slett på om eg kan bruke kvit/blank vinyl, der bakgrunns fargen og skrift vert «skrive» på? Og ser bredda på maskina er 30, men kor lange utskrifter kan eg lage, i eitt?:)

    1. Så spennande!

      Eg held på med kurspakken min. Når kurset er unnagjort håpar eg å få det ut som nettkurs :) Del av kurspakken er manualen på programmet oversatt til Norsk :)

      (Eg redigerte inn igjen smilefjesa som bloggen min surra til for deg).

  2. Hei. Jeg har en liten butikk, et gammeldags handleri. Ønsker å selge mine egne veggord. Da trenger jeg litt hjelp. Vet ingenting om maskinene som er på markedet. Kan du gi meg tips og gode råd ? Send meg gjerne en mail. Jeg er en ivrig diktmaker og lager mye dikt på rim, på nynorsk. Derfor er det etterspurt vare og dette må jeg lære meg og klare :-)

    Vennlig hilsen Randi Vikan

Legg att eit svar til Marlen Cancel Reply

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.