Ringsmykke.

På måndag var eg på medlemskveld i husflidslaget og lærte å lage ringsmykke – ein type iallefall – av ei anna av medlemene. Det var skikkelig moro og smykket vart faktisk fint om eg får seie det sjølv. At det er litt skarpe kantar her og der får så være, det er tross alt fyrste gangen eg gjer dette.

kongesmykke

Eg har alt bestilt meg metalltråd og rigleapparat for eg har lyst til å prøve dette meir. Blankt sølv er forresten ikkje heilt meg så eg tenker bronse kombinert med t.d. skinn eller gummiringar på neste utgave. Dette får bli gave til ein eller annan.

3 thoughts on “Ringsmykke.”

Legg att eit svar til Lillesnuppa Cancel Reply

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.