Kua har fire hjørner og året har fire kantar.

Liv-Kjersti har utfordra oss til å vise dei fire årstidene i bilder. Det syns eg var ei kjekk utfordring som eg greip med det samme. Hos oss er årstidene tydelig ulike og det er noko av det eg likar med å bu her vi bur.

Vår – snøen var borte men markene var enno ikkje grøne. Dette var ein månad sidan, no er det heilt andre fargar. Likevel er dette våren for meg.

Sommar og båtliv. Minstemann og pappa kikkar ned i vatnet frå brygga. Var det ein fisk som for forbi der nede?

Haust og fruktbarhet. Hos oss veks det små skattar rundtomkring huset. Skattar ungane kan finne og smake på. Ã… ete hasselnøtter rett frå treet er ein opplevelse alle burde få med seg.

Vinter og snø. Rikelig med snø. Kjekt å vere ute og baske i snøen og kjekt å sitte med håndarbeide inne i mørke kveldar. Dei ekstra høgdemeterane vi har i forhold til bygda vi bur i gir oss nesten ein ekstra månad med snø, men kva gjer vel det når snøen er smelta og våren endelig kjem på ny.

2 thoughts on “Kua har fire hjørner og året har fire kantar.”

  1. Eg falt særleg for hasselnøttene og ungane på jordet.Det siste får meg til å tenkje på lamb, særleg flaske-lamb :) Og nøttene – duverden det er sant som du seier, alle skulle få sanke nøtter frå treet.- og lage bondegardar fulle av kongler som skal melkast (eller var det ein lokal kvegvariant som fanst berre hos oss?)

Leave a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.