Skaut til «bunaden» i siste liten

Om du er som meg så merkar du gjerne ikkje før siste kvelden før 17. mai at du ikkje har hovdplagg som passar til vetlejenta. Ikkje fortvil! Det fiksar du fort med symaskina. Eller kanskje du har eit skaut uten lue inni og har ei lita Houdinispire slik som vi har? Eg skal her gi deg ein link oppskrift på skaut samt vise korleis du fort kan sette inni ei lue i skautet. Dette vil lettare få skautet til å bli værande på hovudetn (utan at barnet har to knyteband under haka), og den vil lune hovudet litt på det som kan vere ein nokså sur og kald dag her vest.

Finn fram skautet som du enten har kjøpt eller sydd sjølv (t.d. etter dette mønsteret). Finn fram matchande stoff til ei lue. Bruk gjerne hjelmluemønsteret som eg var så heldig å få lov til å publisere av Elsebeth Günter for nokre år sidan. Du kan eigentleg sy inni kva lue som helst, men om du vil gjere det heilt enkelt så kan du sy ei jerseylue av to deler som eg har gjort. Om du vil sy ei innerlue av stumme stoffer (uten stretch) må du vere litt meir nøye på at måla passar overeins i framkant og i halslinja. Med jersey kan du meir jukse det til og sleppe unna med det – og no hastar det jo, ikkje sant?

Beskrivelsen til bildene frå venstre mot høgre frå øverst til nederst og bildene blir større om ein klikkar på dei.

1. Legg jerseystoff dobbelt med brett øverst (der skautet har sin stoffbrett). Legg skautet oppå og tegn av framkant og underkant. Underkanten er halslinja og den har du på forhånd snurpa inn ein del.

2. Brett skautet til side og tegn ein fin boge rundt bakhovudet. Klipp ut og sy delene sammen. Kast gjerne over kantane nede og framme med overedge eller sikksakksaum. Det har eg ikkje gjort, men eg veit ikkje om du kan sjå det verken på bildene eller på sjølve skautet.

3. Nåle jerseystoffet si rettside mot skautet si vrangside som på bildet. Om du ikkje har ferdigsydd skaut og skal sette på blondekant kan du sy rett mot rett på «normal» måte og legge blonda mellom på dette punktet. Tilpass det når du syr sjølve skautet. Du må i tilfelle beregne litt saumrom i framkant av innerlua.

4. Slik ser det ut på rettsida av skautet og det som blir inni lua når det seinare blir vrengt inn i skautet.

5. Sy saumen framme. La det stå att litt i kvar kant slik at du har plass til å brette inn kanten på jerseystoffet etterpå (i neste punkt).

6. Brett inn (hadde eg ikkje alt sagt det) og nåle fast jerseystoffet rett over kanten på løpegangen på skautet. Eg sydde på innerlua slik at den måtte strekkast berre ørlitt for å passe det sammensnurpa skautet. Slik er det rom for å stramme det meir, men uten at det blir veldig mykje stoff rundt halsen på barnet.

7. Slik ser skautet ut ferdig.

8. Lua er berre ein praktisk funksjon og har lav show-off-faktor, men eg trur eg kan love skikkelige actionbilder etter at eg har fått kledd opp vetlesysta på alvor. Nett no hadde ho slett ikkje lyst til å vere modell.

3 thoughts on “Skaut til «bunaden» i siste liten”

  1. Hei!

    Jeg ser at du har lagt ut link til mønster til skaut, men denne siden er lagt ned. Du har ikke mulighet til å legge ut mønsteret på siden din? Eller finnes det en annen link?

    Hilsen Evy

Legg att eit svar til ohelene Cancel Reply

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.