Kjedelige svarte

Eller kanskje ikkje så kjedelige likevel.

Eg har lenge tenkt at eg skulle prøve å lage «bunadstøfler» med nokre spenner eg har hatt liggande i skuffen. Spennene stammar frå finsko som ungane har hatt og har blitt tatt av når skoa har gått over frå bunadsko til finsko. Seinare har visst skoa vandra vidare utan spennene sine. Litt bunadslignande er dei største og dei minste tenkte eg måtte passe kjempefint til eit ørlite par pelstøfler til ei lita prinsesse. Dei største tøflene er i skinn med pels i sålen. Dei er tenkte til vetlesysta til bruk i ein konfirmasjon no i mai og til nasjonaldagsfeiringa eit par dagar seinare, men kanskje det er nokon andre som har lyst på dei?

Ikkje så verst 17. mai stemning på dei minste heller forresten. Håpar dei passar til ho eg har tenkt skal få dei.

Eg var elles så heldig å vinne eit nummer av Symagasinet gjennom forumet «Vi syr» her om dagen. Gjevar var Susanne/Leanne.

Så ungar: No veit de kven de skal skulde for at trampolina ikkje kom opp så raskt fordi mamma vart sittande med nasen i sybladet i staden ;)

5 thoughts on “Kjedelige svarte”

  1. Neimen så utrolig søte da! En fin ide som ble riktig så vellykket…
    Det var en del grønnruss her på strøket også i den tiden jeg var russ, året etter deg faktisk ;) Det var en tradisjon som hang igjen etter realskolen her, så jeg regner med det var det samme hos dere…

Leave a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.