29 sep

Gjenbruk av dongeri, frå bukse til hatt(ar)

Eg har vore så heldig å få nokre dongeribukser både her og derifrå. Sist frå svigerinna mi på andre sida av fjellet. Ikkje det at det er så kort tid sidan akkurat, men av og til må ting modnast litt før planar blir sette ut i livet. Dei som følger meg på Instagram (ohelenesyr) har sett desse hattane før. Hattar er ein ny erfaring for meg. Dei rundt meg her heime gir tommelen ned for stilen og meinar dette er mote for forrige århundre, om nokon gang, så då er det greitt å kunne vise fram og hente tilbakemeldingar gjennom blogg og facebook. Sjølv syns eg dei både er kjekke å sy og litt stilige å sjå på.

gjenbruk av dongeri

Her har det gått med store delar av buksebeina på ei bukse til dei to første hattane, og litt frå ulike bukser til den siste. Alle er i vaksen størrelse (frå ca 56/57 og oppover), så om det er nokon som er einige med meg i at dei er stilige og har lyst til å kjøpe dei må de berre ta kontakt!

Tøflene under har eg òg laga sidan sist blogginnlegg. Eitt i pelsskinn (sau) og eitt i rosa møbelhud men med såle av samme pels (men i raud). Det siste paret vart til berre fordi eg hadde denne bil-applikasjonen liggande frå ein eller annan gang tidlegare. Dei brune har blitt gitt bort og passa forhåpentlegvis den vetle sogningen som fekk dei.
2014-09-15 14.01.39

08 des

Magisk flette

Har du nokon gang prøvd teknikken hemmelig eller magisk flette? Av ei remse med skinn kan du lage enten bokmerke, armband eller kanskje til og med til eit belte eller hundehalsband. Dette er relativt enkelt å gjere om du kan flette vanlig, det einaste som er skilnaden er nokre enkle vriar innimellom mens du flettar.

Eit armband t.d. lagar eg av eit emne som er litt breiare enn det eg vil ha det til slutt, og i alle fall 1 cm lengre enn det eg vil ha det. Eit breidt emne «stel» meir av breidda fram til ferdig produkt enn eit smalt emne. Litt vanskeleg å gje ein eksakt mal på dette. Til meg sjølv ville eg brukt 22 cm x 1,5 cm breidde for å få eit ferdig armband på ca 21 cm.

Del remsa i tre like delar på midten men ikkje heilt ut i endane. La det stå igjen så mykje du treng til å knytte, sette på spenner eller kva som passar til ditt produkt.

Eg har teikna korleis magien går føre seg i hemmelig/magisk flette i ein nedlastbar pdf her:
hemmelig

 

eller du kan sjå på denne videoen på Youtube:

Det går òg an å flette med fem «trådar». Då må du endre på kor tid og kor du smetter enden gjennom og litt på sjølve flettinga. Om du er nysjerrig på dette kan du sjå på denne:

11 des

Bugs!

Vi har fått insekter i huset igjen. Eg er så glad for når det er denne typen insekter betyr det at eg kosar meg med symaskina igjen.

bugs

 

Eg har òg sydd ei lue som skal til ei lita jente eg eigentleg ikkje kjenner så godt. Håpar den passar. Eg valgte å sy den heilt for hand. Koselig med litt arbeide som eg kan ta med i stova innimellom.
1934

Merkelappen har eg laga i PSP og printa ut. Eg sparar på dei små sikkerhetsnålene som er på klær når ein kjøper dei. Her har eg brukt ei slik lita nål og ein liten tråd Moulinegarn, av samme type som eg har brukt på lua, til å feste merkelappen med. Gava blir med eitt eit hakk meir spennande å gi bort. På baksida av merkelappen står det kva stoff lua er laga av og korleis den kan vaskast.

I’m so glad to see ladybugs coming out of my sewing machine again. I really enjoy sewing these days.

The hat is made by hand from wool felt. It’s fun doing things a bit differently now and then. The label is made in PSP and printed at home. I save the small safety pins from clothes I buy. I used one of these safety pins to attach the label together with a string of the same thread I used for the hat itself. Looks mugh nicer than just giving it away unmarked. It has writing on the back telling what fabric it is and how it can be washed.