Pompom

funderer, kreerer, knipsar bilder og nyter livet

Pompom

Eg syns det engelske navnet på duskar er så artig så difor får det lov til å bli tittelen i dag. Ja, og så handlar det jo faktisk litt om pom pom-ar eller duskar her ;)

Lua i Abuelita tretråds tynn merino er ferdig, og den vart omtrent slik eg ville den skulle bli. Kunne kanskje ha vore ørlitt høgare, men på den andre sida så sit den godt på hovudet slik den er. Eg strikka fletta oppå lua heilt bak til det var berre flette igjen etter at alt det andre var felt. Deretter delte eg fletta opp i tre og strikka tre korte remser med icord over fire masker (auka ei på kvar flette). Litt artig effekt når det ser ut som om fletta løyser seg opp i enden. Og ytterst heng dei varsla duskane. Ein pelsdusk i kvar snorende. Mønster på lua finn du her.

Ung duskedame

Eg har sett at det har vore populært med pelsduskar på strikkaluer. I grunn veldig fint å sjå på, men akk så feil det kan bli all den tid ein ikkje klarar å få på det reine om dyra bak pelsen har hatt det greitt mens dei levde. Å ale opp eit dyr berre for pelsen sin del verkar òg litt råflott. Ja, ikkje flott for dyret, men for oss som skal ha pelsen. Då syns eg det blir noko heilt anna å bruke skinn og pels frå storfe og sau der «heile» dyret blir nytta og det såvidt eg kan sjå er gode levekår for dyra jamt over. Det er iallefall det eg har landa på og det er slikt materiale eg brukar til tøflene eg syr. Av dette blir det så ein del avskjær og i dag brukte eg littegrann til å lage tre pelsduskar til lua eg har strikka. Laga dei på denne måten sjølv om eg mistenker at det er mogeleg å få det enno finare til ved å lage litt innsnitt i sirkelen og sy dei sammen før ein «snurpar».

Sju år og fotballglad

Ungane laga heilt andre duskar ei helg – på denne måten. Det kom utsegner om at ein skulle lage «tusen» og samle på dei og slikt, men det var visst mest moro med dei to-tre første ;) Iallefall har dei heilt gløymt det no. Og vi har forresten vore fullt opptatt alle mann med å feire sjuårsdag. Ja og ein eittårsdag litt sånn på forskot og ein 41årsdag litt sånn på etterskot og litt ein 9årsdag som vi heller ikkje hadde hadde feira med andre enn husets folk. Så då vart det baking i staden for duskelaging må vite.

Non-stop kjeks er forresten veldig godt – og dei lever farlig dei få vi har igjen no når eg er heime på dagtid.

5 Responses

  1. Så fin den ble! Hærlig farge!!
    Deilig med slike luer som man slipper å knyte!
    klem fra odin

  2. Elisabeth sa:

    Det ble en herlig lue, omtrent som jeg så den for meg da du forklarte :) Morsomt med små pelsdusker også. Gratulerer på forskudd og etterskudd med alle burdagene!

  3. Den lua ble altså bare kjempefin! :) Og ser innmari god ut attpåtil! :)

  4. Og glemte jo rent – tusen takk for at du deler mønsteret :)

  5. luna sa:

    Så fin!!! er helt imponert over dere som kan å strikke, så mye fint som kan strikkes altså!!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *