Ingen «dillestrikkar» eg nei

  

Eg skreiv tidlegare at eg tenkte å strikke ein genser/tunika til vetlesysta. Gensar med ein del mønster og fletter. Men eg kjem meg ikkje  i gang med den. Mellom anna er eg usikker på korleis eg best skal auke både først og sist på samme pinnen. Bryte tråden? Heller auke sist på kvar pinne og la det bli litt skeivt? Hm – nei eg passar visst best til litt grovstrikk. Men eg likar ting med litt pynt. Så i staden for å fundere så mykje på gensaren har eg begynt på ei lue i ein rest eg hadde av tynn 3tråds Abuelita merino.

Lua skal vere ei hjelmlue (lue og hals i eitt) og eg strikka heilt rundt dei første to omgangane før eg skrådde biten som blir under haka ved å snu litt lengre bort frå midtpunktet kvar gang (først hhv 1 og to masker før midten og så tre masker frå midten på kvar side hhv ein og to ganger). Etter 5 omgangar strikka eg ein omgang heilt rundt og lukka hulla som vart i vendingane før eg satte dei 15 fremste maskene på ventepinne. Denne pinnen brukar eg òg når eg strikkar fletta midt oppe på lua (over ni masker). Fletta kjem tydligare fram mot  vrangstrikk så eg har lagt inn to vrange masker på kvar side av fletta.

Når eg har strikka luedelen av lua breid nok til å passe rundt hovudet skal eg maske sammen lua eit stykke opp bak før eg strikkar ein spiss bak på lua på eit eller anna vis. Men sidan det er eit resteprosjekt strikkar eg halsen før spissen så eg ikkje kjem til kort med garnet. Planen er å strikke halsen i vrangbordstrikk og auke ut i «trekantar» ned mot ei avslutning med såkalt butterfly-stitches. Dette har gjort før på ei lue omtrent som denne, men den strikka eg i Smart-garn og i rillestrikk.

Bak på spissen har eg planar om sy på ein liten dusk av ein rest av noko heilt anna enn garn – men frå samme sort dyr. Og dusken den ligg klar.

2 thoughts on “Ingen «dillestrikkar» eg nei”

  1. Mulig jeg ikke er så nøye på det, men jeg øker alltid først på hver pinne hver omgang istedet for først og sist på annenhver omgang. Det blir ikke noen skjevheter som jeg ser :) Hjelmluen ser ut til å bli bra i følge planen din, jeg har visst strikket noe lignende selv tidligere.. Lykke til, tror nok du får genseren til også.

Leave a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.